Symfoni nr. 8 av Mozart

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Symfoni Nr. 8 i D-dur,
KV. 48
Symfoni av Wolfgang Amadeus Mozart
PeriodeWienerklassisismen
Komponert1768
Typisk lengd13:33
Satsar/akter4

Symfoni nr. 8 i D-dur, (K. 48), av Wolfgang Amadeus Mozart er datert til 13. desember 1768.[1] Han vart skriven i Wien, då familien alt skulle ha vore attende i Salzburg. I eit brev til venen i Salzburg, Lorenz Hagenauer, skriv Leopold Mozart om forseinkinga at «vi kunne ikkje gjere oss ferdig tidlegare, sjølv om eg prøvde hardt.»[1] Autografen til symfoni nr. 8 er i dag bevart i Staatsbibliothek Preusischer Kulturbesitz i Berlin.[2]

Struktur[endre | endre wikiteksten]

Symfonien er i fire satsar, og er instrumentert for to oboar, to horn, to trompetar, pauke og strykararar. Uvanleg for dei tidlege symfoniane til Mozart er bruken av paukar og trompetar. Han har vorte skildra som eit «seremoniverk».[3]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Zaslaw, s. 119–21
  2. Mozart, Wolfgang Amadeus; Giglberger, Veronika (preface) (2005). Die Sinfonien I. Sett om av Robinson, J. Branford. Kassel: Bärenreiter-Verlag. s. p. XII.  ISMN M-006-20466-3
  3. Kenyon, s. 154

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]