Symfoni nr. 3 av Mozart

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Symfoni nr. 3 i Ess-dur
K. 18 (K. Anh. A 51)
Symfoni av Carl Friedrich Abel
Periode Wienerklassisismen
Typisk lengd 12:32
Satsar 3

Symfoni nr. 3 i Ess-dur, K. 18, som ein tidlegare trudde var av Wolfgang Amadeus Mozart vert i dag i følgje musikkforskarar rekna for å vere skrive av Carl Friedrich Abel, ein leiande tysk komponist frå den tidlege wienerklassisismen.

Han vart feilaktig tilskriven Mozart fordi det finst eit manuskript av partituret skriven av Mozart. Seinare vart det oppdaga at han i røynda er skriven av Abel, og kopiert av Mozart som gut då han vitja London i 1764.

Symfonien er i tre satsar:

  1. Allegro
  2. Andante
  3. Presto

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]