Symfoni nr. 15 av Mozart

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Symfoni nr. 15 i G-dur
K. 124
Symfoni av Wolfgang Amadeus Mozart
PeriodeWienerklassisismen
Komponert1772
Typisk lengd13:19
Satsar/akter4
ToneartG-dur

Symfoni nr. 15 i G-dur, K. 124 av Wolfgang Amadeus Mozart, vart skriven i Salzburg dei første vekene av 1772. Ein merknad på det signerte manuskriptet indikerer at det kan ha vorte skriven for eit kyrkjeleg høve, kanskje til ære for den nye erkebiskopen av Salzburg.[1] Verket er if ire satsar, og den første av desse har vorte skildra som nyskapande og «vågal»,[2] på grunn av tempovariasjonane.[3] Den siste satsen er skildra som humoristisk og lettferdig,[2] med «nok avsluttande moro til å rive huset ned».[3]

Satsar og instrumentering[endre | endre wikiteksten]

Instrumenteringa var strykarar, 2 oboar, 2 horn, fagott, continuo[1]

  1. Allegro, 3/4
  2. Andante, 2/4
  3. Menuett and Trio, 3/4
  4. Presto, 2/4

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Zaslaw, s. 219–22
  2. 2,0 2,1 Dearling, s. 112
  3. 3,0 3,1 Kenyon, s. 156

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]