Symfoni nr. 6 av Mozart
KV. 43 Symfoni av Wolfgang Amadeus Mozart | |||
Periode | Wienerklassisismen | ||
---|---|---|---|
Komponert | 1767 | ||
Urframføring | 30. desember 1767 i Brno | ||
Typisk lengd | 12:03 | ||
Satsar/akter | 3 | ||
Toneart | F-dur |
Symfoni nr. 6 i F-dur, K. 43, vart komponert av Wolfgang Amadeus Mozart i 1767. I følgje Alfred Einstein i 1937-utgåva si av Köchel-katalogen, vart symfonien truleg starta i Wien og gjort ferdig i Olomouc, ein by i Mähren der familien Mozart reiste til då det var koppeepidemi i Wien.[1]
Symfonien er i fire satsar og er den første Mozart skreiv i tonearten F. Han vart først framført i Brno den 30. desember 1767[1] Autografen på partituret er i dag bevart i Biblioteka Jagiellońska i Kraków.[2]
Satsar og instrumentering
[endre | endre wikiteksten]Instrumenteringa for den første framføringa var 2 fløyter; 2 oboar; 2 horn; fagott; strykarar og klaver-continuo.[1] Fløyteen vert nytta i andre sats i staden for oboane.[3] For første gong i ein symfoni nytta Mozart to obligatoriske bratsj-parti.[4]
Dette er den første symfonien til Mozart med fire satsar, der han innførte ein menuett og ein trio for første gong, noko som vart vanleg i mange av symfoniane hans sidan. Satsane er:
Første framføring
[endre | endre wikiteksten]Symfonien var ein del av ein konsert arrangert av grev av Schrattenbach, bror til erkebiskopen av Salzburg, som vart halden av Mozart-familien[5] den 30. desember 1767 på ei kro i Brno.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Symphony No. 6 (Mozart)» frå Wikipedia på engelsk, den 26. desember 2010.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Zaslaw, Neal: Mozart's Symphonies:Context, Performance Practice, Reception OUP, Oxford 1991 ISBN 0-19-816286-3
- Kenyon, Nicholas: The Pegasus Pocket Guide to Mozart Pegasus Books, New York 2006 ISBN 1-933648-23-6
- ↑ 1,0 1,1 1,2 Zaslaw, s. 109–112
- ↑ Mozart, Wlofgang Amadeus; Giglberger, Veronika (preface); Robinson, J. Branford (transl.) (2005). Die Sinfonien I. Kassel: Bärenreiter-Verlag. s. X. ISMN M-006-20466-3
- ↑ Neue Mozart-Ausgabe (Partitur)
- ↑ Brown, A. Peter, The Symphonic Repertoire (Volume 2). Indiana University Press (ISBN 0-253-33487-X), s. 350-351 (2002).
- ↑ Leopold Mozart, den 11 år gamle Wolfgang Amadeus, og den 15 år gamle Nannerl
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Sinfonie in F KV 43: partitur og kritisk rapport (tysk) i Neue Mozart-Ausgabe
- Symphony No. 6: Fritt tilgjengelege notar på International Music Score Library Project.