Symfoni nr. 20 av Mozart

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Symfoni nr. 20 i D-dur
K. 133
Symfoni av Wolfgang Amadeus Mozart
PeriodeWienerklassisismen
Komponert1772
Typisk lengd22:14
Satsar/akter4
ToneartD-dur

Symfoni nr. 20 i D-dur, K. 133, vart komponert av Wolfgang Amadeus Mozart i juli 1772,[1] då han var seksten år gammal. Symfonien er ein av mange han skreiv medan han var i Salzburg mellom to reiser til Italia. Samanlikna med andre symfoniar Mozart skreiv i denne perioden, er instrumenteringa her ekstravagant med to trompetar i tillegg til dei vanlege oboane, horna og strykarane. Tonearten er i D-dur, som ofte vert nytta for seremoniell musikk, og høver bra med trompetane.[1]

Struktur[endre | endre wikiteksten]

Symfonien er instrumentert for to fløyter, to oboar, to horn, to trompetar og strykarar. Det er fire satsar:

  1. Allegro
  2. Andante
  3. Menuett; Trio
  4. [Allegro]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Mozart, Wolfgang Amadeus; Giglberger, Veronika (preface) (2005). Die Sinfonien III. Sett om av Robinson, J. Branford. Kassel: Bärenreiter-Verlag. s. XI.  ISMN M-006-20466-3

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]