Symfoni nr. 38 av Mozart

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Symfoni nr. 38 i D-dur
K. 504
Symfoni av Wolfgang Amadeus Mozart
Periode Wienerklassisismen
Komponert 6. desember 1786
Første framføring 19. januar 1787
Typisk lengd 28:58
Satsar 3

Symfoni nr. 38 i D-dur, K. 504, vart komponert av Wolfgang Amadeus Mozart seint i 1786. Han hadde premiere i Praha den 19. januar 1787,[1][2] eit par veker etter at Le nozze di Figaro opna der. han vert populært kalla Praha-symfonien. Mozart har sjølv skrive 6. desember 1786 på det signerte partituret.[2]

Andre verk skriven av Mozart på same stund er den 25. pianokonserten og pianotrioen i H (K. 503 og K. 502), sistnemnde òg skriven i desember 1786.

Praha[endre | endre wikiteksten]

Sjølv om populariteten til Mozart hos innbyggjarane i Wien gjekk opp og ned, var han alltid populær hos bøhmarane og hadde ein fast tilhengjarskare i Praha. Eit stykke i Prager Neue Zeitung kor tid etter Mozart døydde syner dette: «Mozart ser ut til å ha skrive før folket i Bøhmen. Ingen stad forstår ein musikken hans betre enn i Praha, og sjølv på landsbygda er musikken hans høgt verdsett.» Praha-symfonien vart skriven i takksemd for at han vart så høgt akta.

Form[endre | endre wikiteksten]

Praha-symfonien er instrumentert for to fløyter, to oboar, to fagottar, to horn, to trompetar, pauke og strykarar.[3]

Verket har tre satsar:

  1. AdagioAllegro, 4/4 (Sonateform)
  2. Andante i G-dur, 6/8 (Sonateform)
  3. Finale (Presto), 2/4

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Denne artikkelen bygger på «Symphony No. 38 (Mozart)» frå Wikipedia på engelsk, den 28. desember 2010.
    • Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
    • Deutsch, Otto Erich (1965) Mozart: A Documentary Biography. Stanford, California: Stanford University Press.
    • Einstein, Alfred. Mozart, his Character, his Work. London: Oxford University Press. 1945. Translated from the German by Arthur Mendel and Nathan Broder. LCCN 45001487.
    • Girdlestone, Cuthbert. Mozart and his Pianokonserts. New York: Dover Publications. 1964 republication. "An unabridged and corrected republication of the second (1958) edition of the work first published i 1948 by Cassell & Company, Ltd., London, under the title Mozart's Pianokonserts." Translation of Mozart et ses concertos pour piano. ISBN 0-486-21271-8 (pbk.)
  1. Deutsch 1965, 285
  2. 2,0 2,1 Mozart, Wolfgang Amadeus; Giglberger, Veronika (preface), Robinson, J. Branford (transl.) (2005). Die Sinfonien IV. Kassel: Bärenreiter-Verlag. s. XVIII.  Cite uses deprecated parameter |coauthors= (hjelp) ISMN M-006-20466-3
  3. Sinfonie i D KV 504 (Partitur)


Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]