Symfoni nr. 31 av Mozart
Symfoni nr. 31 i D-dur K. 297 Symfoni av Wolfgang Amadeus Mozart |
||
Periode | Wienerklassisismen | |
---|---|---|
Komponert | 1778 | |
Første framføring | 12. juni 1778 | |
Typisk lengd | 18:40 | |
Satsar | 3 |
Symfoni nr. 31 i D-dur, K. 297, betre kjend som Parissymfonien, er ein av dei meir kjende symfoniane til Wolfgang Amadeus Mozart.
Innhaldsliste
Komposisjon og premiere[endre | endre wikiteksten]
Verket vart komponert i 1778 under den mislukka jobbjakten til Mozart i Paris. Komponisten var då 22 år gammal. Premieren fann stad den 12. juni 1778 under ein privat konsert i heimen til grev Karl Heinrich Joseph von Sickingen, ambassadøren til Pfalz. Den offentlege premieren fann stad seks dagar seinare i ei framføring av Concert Spirituel.[1].
Verket fekk positive meldingar i utgåva av he Courrier de l'Europe, publisert i London:
- Concert Spirituel på Kristi lekamsfest byrja med ein symfoni av M. Mozart. Denne artisten, som frå ung alder har hatt eit godt rykte blant cembalistar, kan i dag reknast bland dei flinkaste komponistane.[2]
Concert Spirituel framførte verket igjen den 15. august, denne gongen med ein ny andresats, ein andante som erstatta den originale Andantino i 6/8.[3]
Verket var tydelegvis populært, for det vart framført fleire gonger i både 1779 og 1780.[4] Verket vart publisert i Paris av Sieber og annonsert for sal den 20. februar 1779.
Symfonien vart seinare framført i Burgtheater i Wien den 11. mars 1783 under ein kosnert for svigerinna til Mozart, songaren Aloysia Weber.[5]
Musikken[endre | endre wikiteksten]
Symfonien følgjer mønsteret rask-langsam-rask, og manglar menuetten ein ofte finn i symfoniar i klassisismen.
Symfonien er skriven for eit stort orkester som var tilgjengeleg for Mozart då han var i Paris: 2 fløyter, 2 oboar, 2 klarinettar i A, 2 fagottar, 2 horn, 2 trompetar, pauker, og strykarar.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «Symphony No. 31 (Mozart)» frå Wikipedia på engelsk, den 27. desember 2010.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Deutsch, Otto Erich (1965) Mozart: A Documentary Biography. Stanford: Stanford University Press.
Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]
- Sinfonie in D KV 297: partitur og kritisk rapport (tysk) i Neue Mozart-Ausgabe
- Symphony No. 31: Fritt tilgjengelege notar på International Music Score Library Project.
- manuscripts of the Paris symphony
|
|
---|---|
1 · 2a · 3b · 4 · 5 · 6 · 7 · 8 · 9 · 10 · 11 · 12 · 13 · 14 · 15 · 16 · 17 · 18 · 19 · 20 · 21 · 22 · 23 · 24 · 25 · 26 · 27 · 28 · 29 · 30 · 31 (Paris) · 32 · 33 · 34 · 35 (Haffner) · 36 (Linz) · 37c · 38 (Praha) · 39 · 40 · 41 (Jupiter) |