Symfoni nr. 36 av Mozart

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Symfoni nr. 36 i C-dur
K. 425
Symfoni av Wolfgang Amadeus Mozart
Periode Wienerklassisismen
Komponert 1783
Første framføring 4. november 1783
Typisk lengd 31:17
Satsar 4

Symfoni nr. 36 i C-dur, KV 425, (kjend som Linz-symfonien) vart skriven av Wolfgang Amadeus Mozart under eit kort opphald i Linz i Austerrike, då han og kona var på veg tilbake til Wien frå Salzburg seint i 1783.[1] Heile symfonien vart skriven på fire dagar for ein konsert som den lokale greven heldt då han høyrte at Mozart suklle kome til byen. Premieren i Linz fann stad den 4. november 1783. Verket vart òg framført i Wien den 1. april 1784.[1] Det signerte partituret av Linzsymfonien er ikkje bevart.

Struktur[endre | endre wikiteksten]

Symfonien er skriven for 2 oboar, 2 fagottar, 2 valthorn, 2 trompetar, pauke og strykarar. Han består av fire satsar:

  1. Adagio, 3/4 — Allegro spiritoso, 4/4
  2. Andante, 6/8
  3. Menuett, 3/4
  4. Finale (Presto), 2/4

Alle satsane bortsett frå menuetten er i sonateform.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Mozart, Wolfgang Amadeus; Giglberger, Veronika (preface), Robinson, J. Branford (transl.) (2005). Die Sinfonien IV.. Kassel: Bärenreiter-Verlag. ss. XVII.  ISMN M-006-20466-3

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]