Symfoni nr. 7 av Mozart
| KV. 45 Symfoni av Wolfgang Amadeus Mozart | |||
| Periode | Wienerklassisismen | ||
|---|---|---|---|
| Komponert | 1768 | ||
| Urframføring | Mars 1768 | ||
| Revidert | 1768 | ||
| Typisk lengd | 10:58 | ||
| Satsar/akter | 4 | ||
| Toneart | D-dur | ||
Symfoni nr. 7 i D-dur, K. 45, av Wolfgang Amadeus Mozart, vart skriven ferdig i Wien i januar 1768 etter at familien hadde kome attende frå Olomouc og Brno i Mähren. Symfonien er i fire satsar. Den første framsyninga var truleg ein privat konsert.[1] Symfoni vart omarbeidd og vart overtureen til operaen La finta semplice, K. 51,[2] komponert og framført seinare same året, og overturen vart igjen seinare omfofrma til ein ny symfoni, i Köchel 1964 (K6) som K. 46a. Autografen på partituret vert i dag bevart i Staatsbibliothek Preusischer Kulturbesitz i Berlin.[2]
Satsar og instrumentering
[endre | endre wikiteksten]For den originale (K. 45) versjonen var instrumenteringa strykarar, 2 oboar, 2 horn, 2 trompetar, pauke, fagott, continuo. For den symfoniske overturen (K. 46a) vart trompetane erstatta med fløyter, ein ekstra fagott vart lagt til og ein tok bort paukene.[1][3]
Framføring
[endre | endre wikiteksten]I følgje musikkanalytikaren Neal Zaslaw vart K. 45 første gong framført på ein konsert halden av prinsen av Galitzin, den russiske ambassadøren, i Wien seint i mars 1768.[1] K. 46b-versjonen vart høyrt på premieren til La finta semplice, i Salzburg den 1. mai May 1769.[3]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Symphony No. 7 (Mozart)» frå Wikipedia på engelsk, den 26. desember 2010.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Osborne, Charles: The Complete Operas of Mozart Gollancz, London 1992 ISBN 0-575-03823-3
- Zaslaw, Neal: Mozart's Symphonies: Context, Performance Practice, Reception OUP, Oxford 1991 ISBN 0-19-816286-3
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Sinfonie i D KV 45: partitur og kritisk rapport (tysk) i Neue Mozart-Ausgabe
- Symfoni nr. 7: Fritt tilgjengelege notar på International Music Score Library Project.