Temporary Secretary

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Temporary Secretary
Singel av Paul McCartney
frå albumet McCartney II
B-side «Secret Friend»
Utgjeve 15. september 1980
Sjanger Electropop
Lengd 3:13
Selskap Parlophone/EMI
Låtskrivar(ar) Paul McCartney
Produsent Paul McCartney
Paul McCartney-kronologi
«Waterfalls»
(1980)
Temporary Secretary «Ebony and Ivory»
(1982)


«Temporary Secretary» er ein song av Paul McCartney frå 1980 på albumet hans McCartney II. I 2013 rangerte Rolling Stone songen som den 36. beste McCartney-songen etter Beatles og kalla det ein «kultfavoritt» og «ein merkeleg, fengande electropop-gullkorn, om ein noko tvilsam fyr som prøver å hyre ein vikarierande sekretær».[1] I 2014 vart «Temporary Secretary» rangert som den 167. beste songen gjennom tidene av kritikarane i magasinet NME. Dei skildra han som «ustabil electropop som høyrdest like mykje ut som han var føre si tid som han var utdatert.»[2]

«Temporary Secretary» kom ut som den tredje singelen frå albumet, og berre på 12-tommar, i lag med den ti minuttar lange «Secret Friend» som B-sida. Singelen var avgrensa til 25 000 eksemplar, og gjekk derfor ikkje inn på lista nokon stad.[3] Songen vart først framført på scenen tretti år seinare i O2 Arena i London den 23. mai 2015.[4]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

12"-singel (12 R 6039)
  1. «Temporary Secretary» — 3:13
  2. «Secret Friend» — 10:30

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

  • 2005 — Den meksikanske gruppa Los Fancy Free på albumet Out of Place
  • 2011 — Det tyske jentebandet Damenkapelle på albumet Damenkapelle (aus München).
  • 2015 — Darkstar og Hayden Thorpe (frå Wild Beasts[5]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Paul's 40 Greatest Solo Songs». Special Collector's Edition: Paul McCartney. Rolling Stone. 2013. s. 91. 
  2. «The 500 Greatest Songs Of All Time 200-101». NME.com. 31. januar 2014. Henta 22. mai 2018. 
  3. «Temporary Secretary». JPGR. 2000. Henta 25. september 2013. 
  4. «Watch Dave Grohl act like a teenager as he joins Paul McCartney onstage». Mashable. 25. mai 2015. Henta 22. mai 2018. 
  5. Soundcloud