Waterfalls av Paul McCartney

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Waterfalls
Singel av Paul McCartney
frå albumet McCartney II
B-side «Check My Machine»
Utgjeve 13. juni 1980
Innspelt Juli–august 1979
Sjanger Softrock
Lengd 4:43
Selskap Parlophone/EMI (Storbritannia)
Columbia (USA)
Låtskrivar(ar) Paul McCartney
Produsent Paul McCartney
Paul McCartney-kronologi
«Coming Up»
(1980)
Waterfalls «Temporary Secretary»
(1980)


«Waterfalls» er ein ballade av Paul McCartney frå den første soloplata hans etter Wings, McCartney II. Songen har ein enkel stil, der McCartney spelar eit Fender Rhodes elektrisk piano og ein synthesizer, medan han syng. Songen kom ut på singel med «Check My Machine» som B-side og nådde niandeplassen på singellista i Storbritannia.[1][2] I USA vart han den første singelen hans som ikkje gjekk inn på Billboard Hot 100, og nådde der berre 106. plassen.[3] I 2013 rangerte Rolling Stone songen som den 25. beste Paul McCartney-songen etter Beatles.[4]

Då McCartney ein gong vart spurt om kva singel han hadde ønskt skulle fått meir suksess, så svarte han «Det er fleire faktisk. 'Waterfalls' syns eg er fin.» Han sa òg at TLC-singelen «Waterfalls» har element frå songen hans.[4][5]

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

Sloan spelte inn ein kjappare versjon av songen på hyllestalbumet Listen To What The Man Said.[6]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Waterfalls». Henta 28. mars 2009. 
  2. «Official Charts: Paul McCartney». The Official UK Charts Company. Henta 21. mai 2018. 
  3. Chip Madinger & Mark Easter, Eight Arms To Hold You: The Solo Beatles Compendium (Chesterfield, MO: 44.1 Productions, 2000), 250.
  4. 4,0 4,1 «Paul's 40 Greatest Solo Songs». Special Collector's Edition: Paul McCartney. Rolling Stone. 2013. s. 89. 
  5. «Paul McCartney». The A.V. Club. Henta 22. mai 2018. 
  6. Patrick Berkery (Oct 10, 2001). «Various Artists (reviews)». Philadelphia Weekly. Henta 22. mai 2018. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]