Things We Said Today

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Things We Said Today
av The Beatles
frå albumet A Hard Day's Night
A-side «A Hard Day's Night»
Utgjeve 10. juli 1964
Innspelt 2. juni 1964
EMI Studios, London
Sjanger Rock
Lengd 2:38
Selskap Parlophone
Låtskrivar(ar) Lennon–McCartney
Produsent George Martin
Britiske The Beatles-singel-kronologi
«Can't Buy Me Love»
(1964)
Things We Said Today «I Feel Fine»
(1964)
Amerikanske The Beatles-singel-kronologi
«Love Me Do»
(1964)
Things We Said Today «And I Love Her»
(1964)


«Things We Said Today» er ein song av det engelske rockebandet The Beatles skriven av Paul McCartney[1] og godskriven Lennon–McCartney. Han vart skriven for filmen A Hard Day's Night, men vart til slutt ikkje nytta i filmen. Songen kom ut på filmmusikkalbumet. Songen vart òg gjeven ut på B-side til singelen «A Hard Day's Night» i Storbritannia

Komposisjon[endre | endre wikiteksten]

McCartney skreiv songen i mai 1964 medan han segla i Karibia på ein yacht kalla «Happy Days» med den dåverande kjærasten Jane Asher.[2] Musikkskribenten Ian MacDonald sa «Den dystre teksten - framkalla av dei frustrerande avbrota i forholdet mellom to karrierepersonar - passar med den noko mørke musikken.»[1]

Songen er ein av tre hovudkomposisjonar (i lag med «And I Love Her» og «Can't Buy Me Love») som Paul McCartney skreiv for filmen.

McCartney var særleg nøgd med akkordendringa frå F-dur til B-dur, i staden for den meir opplagte f-moll, som først kjem under «…wishing you weren't so far away» i songen.[3]

Innspeling og framføring[endre | endre wikiteksten]

The Beatles spelte inn «Things We Said Today» på tre forsøk den 2. juni 1964.[4] Det første forsøket hadde ein falsk start, det andre forsøket var rytmesporet og det tredje var overdubbingar med vokal, tamburin og piano.[4] I følgje forfattaren og Beatles-historikaren Mark Lewisohn, var pianoet meint å fjernast frå miksen, men ein kan høyre det på grunn av lydlekkasje til anre mikrofonar under innspelinga av overdubbingane,[4]. MacDonald var derimot skeptisk til denne konklusjonen.[1]

Gruppa spelte «Things We Said Today» to gonger for BBC Radio, den 14. og 17. juli 1964. Den første var for Top Gear og kom ut på Live at the BBC i 1994. Desse framføringane fann stad samstundes som trailerane for Beatles-filmen A Hard Day's Night byrja å gå, og den 14. juli vart songen feilaktig introdusert som ein av songane frå filmen. Songen var ikkje i filmen, men var med på filmmusikkalbumet.[5]

The Beatles spelte «Things We Said Today» på konsertane sine i 1964 i USA og Canada. George Harrison song harmonivokal i lag med Paul McCartney på konsertane.[5]

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Personell per Ian MacDonald[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 MacDonald 2005, s. 35–36.
  2. Miles 1997, s. 121–122.
  3. Miles 1997, s. 122.
  4. 4,0 4,1 4,2 Lewisohn 1988, s. 44.
  5. 5,0 5,1 The Beatles Bible 2008.