Tiran Porter

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Tiran Porter
Doobie Brothers 1974.JPG
Porter (med hatt), 1974.
Fødd26. september 1948 (72 år)
FødestadLos Angeles i USA
FødenamnTiran Calvin Porter
OpphavUSA
SjangerRock
Instrumentbassgitar, gitar, vokal
Stemmetypebaryton
Tilknytte artistarThe Doobie Brothers
PlateselskapWarner Bros. Records
Verka somMusikar

Tiran Calvin Porter (fødd 26. september 1948) er ein USA-amerikansk bassist og gitarist, vokalist og komponist, mest kjend som medlem av The Doobie Brothers frå 1972 til 1980 og frå 1987 til 1992.

Han erstatta bassisten Dave Shogren på det andre albumet til The Doobie Brothers, Toulouse Street i 1972.[1] Han song stort sett berre korvokal, men skreiv og song «For Someone Special» som ein hyllest til den sjuke bandleiaren Tom Johnston på albumet Takin' It To The Streets (1976) og skapte den kreativt synkoperte «Need a Lady» på albumet Livin' On The Fault Line (1977). På scenen song Porter vanlegvis solovokal på ein eller to songar.

Porter slutta i The Doobies i 1980 på grunn av den hektiske og konstante turneringa deira. Han vart erstatta av studiomusikaren Willie Weeks. Han var med å starte opp att The Doobie Brothers på ny i 1987 og spelte på Cycles (1989), som har tittel frå ein unytta song han skreiv[2] og Brotherhood (1991). I 1992 slutta Porter i bandet for godt.

Porter gav ut eit sjølvprodusert soloalbum, Playing to an Empty House, i 1995. Porter har sidan spelt med Moby Grape i periodar.

Album[endre | endre wikiteksten]

Solo[endre | endre wikiteksten]

  • Playing To An Empty House (1995)

Med The Doobie Brothers[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Aronie, Dan - «Makin Music - Tiran Porter»YouTube GuitarShowCase; henta 2. november 2020.
  2. Platenotat for Playing To An Empty House

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]