Bjørn Einar Romøren

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Bjørn Einar Romøren
Vogtlandarena4.jpg
Fødd 1. april 1981
Oslo
Yrke skihoppar
Bjørn Einar Romøren på Commons
Bjørn Einar Romøren i 2010

Bjørn Einar Romøren (fødd 1. april 1981) er ein norsk skihoppar som representerer Hosle Idrettslag. Mellom 2003 og 2011 vann han to VM-gull, to VM-sølv, tre VM-bronsar og ein OL-bronse med norske hopplag i ulike verdsmeisterskap på ski og i skiflyging, samt olympiske leikar. Individuelt har han to gongar vorte nummer fire i internasjonale meisterskap, begge gongane i Oberstdorf. I ski-VM 2005 var han eitt poeng bak bronsemedaljevinnaren i normalbakken, tre år seinare var han litt lenger unna bronsemedaljen i VM i skiflyging. Hans beste samanlagtplasseirng i verdscupen oppnådde han då han vart nummer tre i 2004-sesongen, men han var langt bak Janne Ahonen frå Finland og landsmannen Roar Ljøkelsøy. Romøren, som er norsk meister i skihopping fire gongar og i alt har ti NM-medaljar (4-4-2), er kanskje mest kjend for verdsrekorden på 239 meter som han sette i Planica i 2005.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Romøren slo gjennom nasjonalt då han i 2001 vart noregsmeister i storbakken. Han fekk sitt internasjonale gjennombrot då han på nyåret i 2003 sigra i hoppvekerennet i Bischofshofen. Seinare i same sesongen fekk han plass på Noregs hopplag til ski-VM i Val di Fiemme, der det vart bronsemedaljar på dei utvalde norske hopparane. I 2004-sesongen stod han på sigerspallen sju gongar i verdscupen, to av dei som sigerherre. Han var med på Noregs firemannslag som vart verdsmeistrar i VM i skiflyging. Sigurd Pettersen, Tommy Ingebrigtsen og Roar Ljøkelsøy var dei andre på meisterlaget.

Vinteren 2005 vann Romøren ein ny bronsemedalje i laghopping under ski-VM i Oberstdorf, der han også vart nummer fire i normalbakken, eitt poeng bak bronsevinnaren Janne Ahonen. 20. mars 2005 nådde Romøren eit høgdepunkt då han sette ny verdsrekord i skiflyging med 239 meter i Planica i Slovenia og vann sin einaste verdscupsiger for sesongen.

I OL-sesongen 2006 kom Romøren i form på nyåret, og fekk fire individuelle pallplasseringar gjennom sesongen. To gongar steig han til topps; i januar månad i Sapporo og i mars i skiflygingsbakken i Planica. Høgdepunktet for sesongen var likevel lagtriumfen for Noreg i VM i skiflyging, saman med Lars Bystøl, Tommy Ingebrigtsen og Roar Ljøkelsøy. Under dei olympiske leikane i Torino fekk han ein bronsemedalje i laghoppinga og vart nummer sju i storbakkerennet. Han vart dobbel noregsmeister då han vann NM-renna i både Heddal og Oslo.

Etter ein svak 2007-sesong, hevda Romøren seg betre i delar av 2008-sesongen. Han hoppa jamnt med verdseliten i dei fyrste renna, men var så ute av form til februar månad. Hans einaste siger i verdscupen kom i Willingen, ei veke før VM i skiflyging i Oberstdorf. Romøren kom på fjerdeplass i den individuelle tevlinga i verdsmeisterskapen, og fekk ein bronsemedalje i lagkonkurransen. 2009-sesongen var rimeleg svart for Romøren, i verdscuprenn vart han som best nummer 15. I OL-sesongen året etter fekk han ein del gode resultat, men som vanleg varierte han i prestasjonane. Opningshelga i verdscupen vann han eine tevlinga i Kuusamo, og han tok ein andreplass i Engelberg straks føre jul. Fleire pallplassar oppnådde han ikkje, og vart nummer 23 i normalbakken under vinterleikane i Vancouver. Sesongen vart derimot avslutta med lagsølv i VM i skiflyging i favorittbakken i Planica.

Romøren vart nummer fem i eit verdscuprenn i Zakopane, hans høgste individuelle plassering i 2011-sesongen. Han fekk likevel plass på det norske laget til lagtevlinga i normalbakken under ski-VM 2011 i Oslo, der laget erobra ein sølvmedalje. Også i 2012-sesongen kom Romøren til kort mot dei aller beste skihopparane i verda. Ein sjuandeplass i Val di Fiemme var hans beste prestasjon i verdscupen.

Han vart operert for ein skade hausten 2012, og deltok ikkje i hoppsesongen 2013.

Besteplasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

Besteplasseringar i internasjonale renn[endre | endre wikiteksten]

  • 2001: Nr 31 to gonger
  • 2002: Nr 35 i Lahti
  • 2003: Siger i Bischofshofen, ein tredjeplass
  • 2004: To sigrar;# Lahti 7. mars, # Kuopio 10. mars, to andreplassar og tre tredjeplassar
  • 2005: Vinnar i Planica 20. mars 2005, ein andreplass, og ein tredjeplass
  • 2006: To sigrar;# Sapporo 21. januar, # Planica 18. mars, ein andreplass og ein tredjeplass
  • 2007: Nr 5 i Garmisch-Partenkirchen
  • 2008: Siger i Willingen, to tredjeplassar
  • 2009: Nr 15 i Klingenthal
  • 2009/10: Vinnar av opningsrennet i Kuusamo, andreplass i Engelberg
  • 2011: Nr 5 i Zakopane
  • 2012: Nr 7 i Val di Fiemme

Medaljar og besteplasseringar i noregsmeisterskap[endre | endre wikiteksten]

  • 1999: Nr 4 i storbakken på Rena
  • 2000: Nr 10 i storbakken i Meldal
  • 2001: Gullmedalje i storbakken i Trondheim
  • 2002: Bronsemedalje i storbakken på Odnes
  • 2003: Nr 4 i storbakken på Lillehammer
  • 2004: Sølvmedalje i normalbakken på Bardufoss
  • 2005: Sølvmedalje i normalbakken på Lillehammer
  • 2006: Gullmedalje både i normalbakken i Heddal og i storbakken i Oslo
  • 2007: Nr 8 i storbakken på Lillehammer
  • 2008: Bronsemedalje i normalbakken i Trondheim
  • 2010: Gullmedalje i normalbakken i Vikersund, sølvmedalje i storbakken i Trondheim
  • 2011: Nr 7 i storbakken i Oslo
  • 2012: Sølvmedalje i storbakken i Trondheim

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Sportsboken, aktuelle årgangar

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]