Sigurd Pettersen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Sigurd Pettersen
Sigurd Pettersen 2009.jpg
Fødd 28. februar 1980
Kongsberg
Yrke skihoppar
Sigurd Pettersen på Commons

Sigurd Ørjan Pettersen (fødd 28. februar 1980) er ein norsk skihoppar. Han vann den tysk-austerrikske hoppveka 2003/04, der han sigra i tre av dei fire renna. Det var den fyrste norske sigeren sidan Espen Bredesen vann i 1993/94. I 2004 var han saman med Bjørn Einar Romøren, Tommy Ingebrigtsen og Roar Ljøkelsøy på det norske laget som vart verdmeistrar i laghopping under skiflygings-VM. Både i 2003 og 2005 var han med å sikre Noreg bronsemedaljar i laghopp under ski-VM. Pettersen tevla for Rollag & Veggli IL.

Pettersen debuterte i verdscupen i skihopping i japanske Hakuba i januar 2002 med ein 25. plass. Under leiing av den nye hopptrenaren frå 2002, Mika Kojonkoski frå Finland, hoppa Pettersen seg inn i verdseliten i sitt neste verdscuprenn, seint i november 2002. Han kom då på fjerdeplass i finske Kuusamo. Helga etter vart han nummer 2 og 1 i dei to verdscuprenna i Granåsen i Trondheim. I 2004-sesongen vart han samanlagt nummer fire i verdscupen, hans beste totalplassering. Alle dei seks verdscupsigrane kom i sesongane 2003 og 2004.

Han vart noregsmeister i stor bakke både i 2004 og 2005. Ein sølvmedalje i 2003 og ein bronsemedalje i 2006 kompletterer medaljehausten frå noregsmeisterskapane.

Besteplasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

2003: VM-bronse i laghopping i Val di Fiemme. Nr 18 i storbakken 2004: VM-gull i laghopping og nr 9 i skiflygings-VM i Planica 2005: VM-bronse i laghopping i stor bakke i Oberstdorf. Nr 10 individuelt i storbakken 2006: Nr 24 i stor bakke under OL i Torino

Besteplasseringar i internasjonale renn, verdscuprenn[endre | endre wikiteksten]

  • 2002/03: To sigrar; Trondheim og Sapporo, samt to andre plassar (Trondheim, Titisee-Neustadt)
  • 2003/04: Vinnar av hoppveka. Fire sigrar i verdscupen; Kuusamo, Oberstdorf, Garmisch-Partenkirchen og Oberstdorf, samt ein tredjeplass i Sapporo
  • 2005: Nr 2 på Lillehammer
  • 2006: Nr 5 både i Harrachov og Willingen
  • 2007: Nr 4 både i Willingen og i Planica (skiflyging)
  • 2008: Nr 2 i Val di Fiemme
  • 2009: Nr 17 i Tauplitz (skiflyging)

Medaljar og besteplasseringar i noregsmeisterskap[endre | endre wikiteksten]

  • 1998: Nr 9 i normalbakken i Trondheim
  • 1999: Nr 7 både i normalbakken på Raufoss og i storbakken på Rena
  • 2003: Sølvmedalje i storbakken på Lillehammer
  • 2004: Gullmedalje i storbakken i Oslo
  • 2005: Gullmedalje i storbakken på Lillehammer
  • 2006: Bronsemedalje i normalbakken i Heddal
  • 2007: Nr 9 i storbakken på Lillehammer
  • 2008: Nr 7 i storbakken i Trondheim
  • 2009: Nr 8 i normalbakken på Raufoss

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

  • Sportsboken, aktuelle årgangar