Lars Bystøl

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Lars Bystøl.jpg

Lars Bystøl (fødd 4. desember 1978) er ein norsk, tidlegare skihoppar frå MyrkdalenVoss. Han vann sitt fyrste verdscuprenn 4. januar 2006 i Innsbruck under den tysk-austerrikske hoppveka. Ein månad seinare vart han olympiameister då han vann normalbakkerennet under vinter-OL i Torino. I same olympiaden vann bronsemedaljar i storbakkerennet og i laghoppinga, i den siste tevlinga saman med Bjørn Einar Romøren, Tommy Ingebrigtsen og Roar Ljøkelsøy. Bystøl er medlem av Idrottslaget Eldar.

Besteplasseringar i verdsmeisterskap og olympiske leikar[endre | endre wikiteksten]

  • 2005: Nr 4 i stor bakke, og bronsemedalje i laghopping i Oberstdorf
  • 2006: Gullmedalje i normalbakke, bronsemedalje i stor bakke og i laghopping under OL i Torino. Vinnar av verdscuprenn i Innsbruck.

Besteplasseringar i internasjonale renn[endre | endre wikiteksten]

Medaljar og besteplasseringar i noregsmeisterskap[endre | endre wikiteksten]

  • 2000: Nr 5 i storbakken i Meldal
  • 2001: Nr 5 i normalbakken i Sprova
  • 2002: Bronsemedalje i normalbakken i Høydalsmo
  • 2003: Bronsemedalje i storbakken på Lillehammer
  • 2004: Sølvmedalje i storbakken i Oslo
  • 2005: Gullmedalje i normalbakken på Lillehammer
  • 2006: Sølvmedalje i normalbakken i Heddal, bronsemedalje i storbakken i Oslo
  • 2007: Nr 5 i storbakken på Lillehammer
  • 2008: Nr 7 i normalbakken i Trondheim

Bystøl la opp i 2009.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Sportsboken, aktuelle årgangar