Torstein Tynning

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Torstein Tynning
Fødd 4. juni 1932
Død 18. november 2000
Parti Høgre

Torstein Tynning (4. juni 193218. november 2000) var ein norsk gardbrukar og politikar frå Eidanger i Telemark. Han representerte partiet HøgreStortinget frå 1965 til 1985. Tynning var far til journalisten Signe Tynning og morfar til Arbeidarparti-politikaren Christian Tynning Bjørnø.

Tynning var son til ein gardbrukar. Etter å ha teke eksamen ved Telemark landbruksskule i 1952, dreiv han sjølv ein gard i Eidanger frå 1952 til 1994.

Han var medlem av Eidanger kommunestyre 1959–64 og, etter kommunesamanslåing, medlem av Porsgrunn formannskap 1965–71. Tynning var formann i Unge Høgre 1963-65, medlem av sentralstyret i Høgre frå 1973 til 1985 og formann for Høgre sin programkomité i perioden 1977-81

Gjennom sine 20 år på Stortinget var han medlem av Landbrukskomiteen i den fyrste og den tredje fireårsbolken. I mellomtida, 1969-72, var han medlem i Kommunalkomiteen, og deretter, 1972/73, 1977-81 og 1984/85 medlem av den nydanna Kommunal- og miljøvernkomiteen. Dei tre sesjonane frå hausten 1981 til 1984 var han medlem av Utanriks- og konstitusjonskomiteen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]