Kristian Tonning Riise
Kristian Tonning Riise (fødd 27. oktober 1988) er ein norsk idehistorikar og politikar frå Ilseng i Stange kommune. Han var stortingsrepresentant 2017-21 frå Hedmark, vald for partiet Høgre.
Riise utdanna seg i idehistorie ved Universitetet i Oslo i tida 2009-12. Etter eit par år som prosjektarbeidar i tankesmia Civita, vart han i 21. juni 2014 vald til leiar av Unge Høgre, attvald i 2016. Hausten 2017 fekk han fast sete på Stortinget for Høgre. På Tinget fekk han plass i Arbeids- og sosialkomiteen.
Den 9. januar 2018 trekte Riise seg frå formannsvervet i Unge Høgre, etter skuldingar om seksuell tråsøkne mot andre ungdomspolitikarar. Frå å ha vore ein profilert Høgre-politikar, vart han nær usynleg for media resten av tida som stortingsrepresentant.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «Kristian Tonning Riise» frå Wikipedia på bokmål, den 19. juni 2021.