Christian Tynning Bjørnø

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Christian Tynning Bjørnø
Fødd27. november 1985 (35 år)
Porsgrunn
Statsborgar avNoreg
PartiArbeidarpartiet
Yrkepolitikar
MorSigne Tynning

Christian Tynning Bjørnø (fødd 27. november 1985 i Porsgrunn) er ein norsk politikar for Arbeidarpartiet. Han er fylkesvaraordførar i Telemark og gruppeleiar for Arbeidarpartiet i fylkestinget. Bjørnø var ein av landets yngste folkevalde då han vart valgt inn i bystyret og formannskapet i Porsgrunn kommune i 2003. Ved kommunevalet i 2007 vart han i tillegg leiar av hovudutvalg for barn, unge og kultur i same kommune.[1]

Hausten 2008 til våren 2009 tenestegjorde han som studentpraktikant i Utanriksdepartementet, stasjonert ved den norske ambassaden i Stockholm. Bjørnø vart vald til leiar av Porsgrunn Arbeidarparti i 2010. Han sit i styret i Telemark Arbeidarparti og i Arbeidarpartiets landsstyre. I november 2012 vart Bjørnø nominert på tredjeplass på stortingslista til Telemark Arbeidarparti i forkant av stortingsvalet 2013. Bjørnø er utdanna adjunkt.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]