United Fruit Company

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
United Fruit Company
1920UnitedFruitCompanyEntrance.jpg
Skipa1899
HovudkontorNew Orleans Sjå dette på Wikidata
EtterfølgjarChiquita Brands International

United Fruit Company var eit stort amerikansk selskap skipa i 1899 som dreiv handel med tropisk frukt (særleg bananar og ananas). Det åtte store plantasjar i Latin-Amerika og skipa frukt derfrå til USA og Europa. I størsteparten av 1900-talet var det dominerande på bananeksport, og hadde i visse område noko nær eit monopol på bananhandelen, noko som har gjeve opphav til nemninga bananrepublikk. Selskapet hadde lenge stor påverknadskraft på den økonomiske og politiske utviklinga i fleire latinamerikanske land. Kritikarar skulda United Fruit for neokolonialisme, og det er ofte brukt som eksempel på fleirnasjonale selskap som nyttar makta si til å få politisk kontroll i utviklingsland.

I 1970 blei United Fruit slege saman med konglomeratet AMK for å danna United Brands Company, i dag Chiquita Brands International.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Tilsette ved bananselskapet på Jamaica, avbilda i ein turistkampanje frå United Fruit Company.
Illustrasjon frå The Golden Caribbean, ei reisebok produsert av United Fruit Company i 1900.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

I 1871 skreiv den amerikanske jernbaneentreprenøren Henry Meiggs og regjeringa i Costa Rica under ein kontrakt om å anleggja ei jernbanelinje mellom kaffidistrikta rundt hovudstaden San José og hamnebyen Limón ved Det karibiske havet, som kaffien blei eksportert frå. Meiggs hadde hjelp av den unge brorsonen sin Minor Cooper Keith, som tok over prosjektet etter at Meigg døydde i 1877. Bygginga av jernbana gjennom regnskogen var problematisk, og mange arbeidarar leid naud. Som eit eksperiment for å få fram billeg mat til arbeidarane fekk Keith planta bananplantar langs sporet i 1873. I 1882 mangla betalingane frå dei costaricanske styresmaktene, og Keith blei nøydd til å låna 1,2 millionar pund frå bankar i London og private investorar for å kunna fortsetja den vanskelege jernbanebygginga. Som kompensasjon for dei manglande betalingane, og for å kunna reforhandla Costa Rica si statsgjeld til USA, gjekk Próspero Fernández Oreamuno si regjering i 1884 med på å donera 3200 km² skattefri mark langs jernbana til Keith sitt selskap, og dessutan å gje Keith ein leasingkontrakt for å ta vare på jernbanetrafikken på linja i 99 år. Jernbana var klar i 1890, men inntektene frå gods- og passasjertrafikken rakk ikkje å betala Keith si gjeld. På den andre sida viste bananplantane seg å vera svært lukrative, og snart kom Keith til å dominera bananhandelen i Mellom-Amerika.

Tidleg historie[endre | endre wikiteksten]

I 1899 tapte Keith 1,5 millionar pund då firmaet Hoadley and Co. i New York gjekk konkurs og Keith mista fordringane sine. Keith reiste til Boston og fekk i stand eit samarbeid mellom sitt eige bananføretak og det til rivalen Boston Fruit Company. Boston Fruit var blitt skipa i 1870 av sjømannen Lorenzo Dow Baker og forretningsmannen Andrew W. Preston. Resultatet av samanslåinga blei frå 31. mars 1899 United Fruit Company (forkorta UFC eller UFCO), basert i Boston med Preston som administrerande direktør og Keith som vise-administrerande direktør. Preston bidrog til partnarskapet med plantasjar i Vest-India, ein dampbåtflåte (kjend som "Great White Fleet") og marknaden i nordaustlege USA. Keith hadde plantasjane sine og jernbaner i Mellom-Amerika og ein marknad i sørlege og søraustlege USA. Ved skipinga hadde selskapet ein kapital på drygt 11 millionar dollar. Kort tid etter samanslåinga kjøpte føretaket sju sjølvstende fruktselskap i Honduras, og selskapet var då det største bananselskapet i verda med plantasjar i Colombia, Honduras, Costa Rica, Cuba, Jamaica, Nicaragua, Panama og Santo Domingo.

I 1901 blei UFC engasjert av regjeringa i Guatemala for å driva postverket i landet. I 1930 hadde selskapet slukt meir enn 20 rivaliserande selskap, tileigna seg ein kapital på 215 millionar dollar og blitt til den største arbeidsgjevaren i Mellom-Amerika. Også i 1930 Sam Zemurray (som blei kalla «Sam the Banana Man») selskapet sitt Cuyamel Fruit Company til United Fruit og trekte seg attende frå butikkaktiviteten. I 1933 blei han uroleg for at selskapet var vanstyrt, og iscenesette ei fiendtleg overtaking av United Fruit. Han flytta hovudkontoret til New Orleans, som var heimstaden hans. UFC hadde fleire framgangsrike år under Zemurray si leiing, fram til han gjekk av i 1951.

Etter ein økonomisk nedgangsperiode fusjonerte United Fruit med konglomeratet AMK i 1970 og danna United Brands Company. I 1984 blei selskapet omdanna til det noverande Chiquita Brands International.

Makt i Mellom-Amerika[endre | endre wikiteksten]

Selskapet dominerte transportsektoren i Mellom-Amerika gjennom dotterselskapet International Railways of Sentral America og den store fartøyflåten sin, som gjekk under namnet "Great White Fleet". I 1913 byrja United Fruit dessutan å setja opp elektrisitets- og telefonleidningar gjennom Mellom-Amerika gjennom dotterselskapet Tropical Radio and Telegraph Company. I tillegg eigde det store landområde langs den karibiske kysten. For å halda på den dominerande stillinga si på marknaden heldt selskapet kontroll over fordelinga av dyrkbar mark. UFCO hevda at det var nøydd til å tileigna seg og reservera endå meir land på grunn av mjøldogg, orkanar og andre trugsmål mot veksten sin. I praksis innebar dette at selskapet utestengde lokale bønder sine høve til å ta del i bananhandelen. Landmanipulasjon til United Fruit fekk langtrekkjande konsekvensar for regionen, ettersom det amerikanske storselskapet såg seg nøydd til å skaffa seg politisk påverknad for å hindra regjeringar i å gripa inn mot den ujamne landfordelinga. I Costa Rica var regjeringa velvillig innstilt og senka eksportskatten på frukt, ettersom bananproduksjonen gav arbeidsplassar og eksporten av varer var bra for økonomien til landet. Muter til regjeringane var vanleg. I Guatemala medverka United Fruit Company i 1954 til å styrta det demokratisk valde regimet då ei jordreform truga med å forstyrra interessene deira.

Santa Marta-massakren[endre | endre wikiteksten]

12. november 1928 byrja ein storstreik blant United Fruit-arbeidarar ved den karibiske kysten av Colombia, i traktene kring Santa Marta. Talet på streikande var mellom 11 000 og 30 000, og ein kravde mellom anna høgare løner, men selskapet nekta å forhandla med fagforeiningane. 6. desember, etter tre veker med streik, opna colombianska militærtroppar eld mot ei samling arbeidarar som heldt streikemøte på hovudplassen i byen Ciénaga. General Carlos Cortés Varegass, offiseren som var ansvarleg for massakren, forklarte handlinga med at dei streikande var innblanda i statsfiendtlege aktivitetar og at organisatorane til møtet var kommunistiske revolusjonære. Talet på drepne i massakren er omstridd. General Cortés sjølv meinte at 47 menneske blei drepne, medan andre har sett talet på dødsoffer til over 200. Den liberale kongressmedlemmen Jorge Eliécer Gaitán hevda at dødstalet var mykje høgare og at United Fruit stod bak den valdsame handteringa. Hendinga skapte stor skandale og førte til enden på 44 års konservativt styre i Colombia og ei ny liberal regjering i 1930.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: United Fruit Company
Litteratur
  • Bucheli, Marcelo (July 2008). «Multinational Corporations, Totalitarian Regimes, and Economic Nationalism: United Fruit Company in Central America, 1899–1975». Business History 50 (4): 433–454. doi:10.1080/00076790802106315.