Blue Moon of Kentucky
Blue Moon of Kentucky Song av Bill Monroe and The Blue Grass Boys | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | September 1947 | |
Sjanger | Bluegrass | |
Lengd | 3:01 | |
Selskap | Columbia | |
Komponist | Bill Monroe | |
Tekstforfattar | Bill Monroe | |
Låtskrivar(ar) | Bill Monroe |
---|
«Blue Moon of Kentucky» er ein vals skriven i 1946 av bluegrass-musikaren Bill Monroe og spelt inn av bandet hans, The Blue Grass Boys. Songe har sidan blitt spelt inn av mange andre artistar, mellom andre Elvis Presley. I 2003 vart songen innlemma i United States Library of Congress National Recording Registry.
Historie
[endre | endre wikiteksten]«Blue Moon» er den offisielle bluegrassongen til Kentucky. I 2002 vart Monroe-versjonen ein av 50 innspelingar Library of Congress valde ut det året for National Recording Registry. I 2003 rangerte CMT «Blue Moon» på 11. plassen på lista si over dei 100 beste countrysongane.
Bill Monroe skreiv songen i 1946 og spelte han inn for Columbia Records den 16. september. Songen kom ut tidleg i 1947.[1] På den tida bestod The Bluegrass Boys av vokalisten og gitaristen Lester Flatt og banjoisten Earl Scruggs, som seinare danna sitt eige bluegrass-band, Foggy Mountain Boys. Både Flatt og Scruggs spelte på innspelinga, medan Bill Monroe song.
Songen er skildra som ein «bluegrass-vals» og vart ein stor hit i USA i 1947[2] og vart òg populær med andre bluegrass-, country- og tidlege rockabilly-artistar. Songen vart mykje framført på Grand Ole Opry og andre stader.[2] Carl Perkins spelte ein raskare versjon av songen under dei tidlege konsertane sine.
Elvis Presley
[endre | endre wikiteksten]Blue Moon of Kentucky Singel av Elvis Presley | ||
B-side | ||
---|---|---|
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 19. juli 1954 | |
Innspelt | 7. juli 1954 | |
Sjanger | Rockabilly | |
Lengd | 1:57 | |
Selskap | Sun (original)
RCA Victor (nyutgjeving) | |
Komponist | Bill Monroe | |
Tekstforfattar | Bill Monroe | |
Låtskrivar(ar) | Bill Monroe | |
Produsent | Sam Phillips | |
Elvis Presley-kronologi | ||
Blue Moon of Kentucky | «Good Rockin' Tonight»
(1955) |
Songen vart gjeven ut som B-sida til den aller første Elvis Presley-singelen, «That's All Right»[3] på Sun Records i juli 1954. Dei hadde leita etter ein song å plassere B-sida og valde «Blue Moon of Kentucky» via Bill Black. Scotty Moore fortalte: «Me visste alle at me trengde ein song til... og det verka håplaust ei stund. Bill kom då med 'Blue Moon of Kentucky'...Me tok ein pause og han byrja å hamre på bassen sin og song 'Blue Moon of Kentucky', og etterlikna Bill Monroe med den høge falsettstemma si. Elvis slengde seg med og byrja å spele og syngje i lag med.»[4]}}
Presley, Moore og Black vart oppmuntra av Sam Phillips, og omgjorde den langsame valsen til Monroe, i 3/4-takt, til ein kjapp, bluesaktig song i 4/4-takt.
Etter ei tidleg utgåve av songen skal Sun Records-eigaren Phillips ha ropt ut «BOY, that's fine, that's fine. That's a POP song now!.»[5] Som med alle dei tidlege Presley-singlane på Sun, the artists were listed and stylized as «ELVIS PRESLEY SCOTTY and BILL».[6]
Andre innspelingar
[endre | endre wikiteksten]I 1954 spelte The Stanley Brothers inn ein versjon av songen med Presley sitt 4/4-arrangement og bluegrassinstrument. Bill Monroe sppelte sidan inn songen i ei blanding av dei to stilartane, og byrja i den originale 3/4-takten før han spelte han i ein livleg 4/4-takt.
- Elvis Presley i 19. juli, 1954
- The Stanley Brothers and The Clinch Mountain Boys i 1954
- Roberta Sherwood i 1958
- Marty Wilde i 59
- Rose Maddox i 1962
- Patsy Cline i 1963
- George Jones & Melba Montgomery i 1964
- Johnny Sea 64
- Wayne and The Whirlwinds i 1964
- Porter Wagoner i 1965
- Ray Charles i 65
- John Hore & Howard Morrison i 1967
- Maria Dallas i 1967
- Al Kooper i 1968
- The Osborne Brothers i 1969
- Jerry Reed i 1969
- Jimmy Ellis i 1972
- Per 'Elvis' Granberg & The New Jordal Swingers i 1973
- Frank White i 1973
- Shakin' Stevens and The Sunsets i 1973
- Danny Davis' Nasvhille Brass i 1974
- Ian B. MacLeod i 77
- Bobby Atkins and The Countrymen i 1977
- Raul Seixas i 1977
- Whirlwind i 1978
- Sleepy LaBeef i 1978
- Teddy & The Tigers i 1978
- Geraint Watkins & The Dominators i 1979
- Ral Donner i 1979
- The Boys from Indiana i 1980
- Allison Durbin i 1980
- Larry Donn i 1980
- John Potter i 1982
- Jerry Foster i 1982
- Jerry Williams i 83
- Suncats i 1987
- Barry Stanton i 1988
- Boxcar Willie i 1989
- Paul McCartney i 1991
- Rattlesnake Annie i 1991
- The Blast to the Past i 1991
- The Devil Dogs i 1992
- Jim & Jesse and The Virginia Boys i May 1993
- Blackout i 1993
- Scott Bakula i 1993
- Frantic Flintstones i 1993
- Eriksen i 1994
- Scotty Moore & D.J. Fontana i 1994
- Kjell Jørung med Scotty Moore & D.J. Fontana i 1994
- Mandy Barnett i 1995
- Finn Nørbygaard & Jette Torp i 1995
- Ricky Norton i 1996
- Taggy Tones i 1996
- Ida i 1997
- The Beatniks i 97
- LeAnn Rimes i 1997
- John Lennon's Original Quarrymen i 1997
- Jody Reynolds i 1998
- Sarah Harmer & Jason Euringer i 1999
- Go Cat Go i 1999
- Billy Swan i 1999
- Tommy Scott i 2000
- John Fogerty i 2000
- Tom Green i 2000
- Tom Petty & The Heartbreakers i 2001
- Rory Gallagher i 2003
- Scotty Moore & Mark Knopfler i 2005
- Joey Figgiani i 2005
- Wanda Jackson i 2006
- The Living End i 2006
- Rockin' Rebels i 2006
- DNX vs. The Voice feat. Kandyce i 2006
- Reverend Beat-Man i 2007
- Nigel Lewis with The Tombstone Brawlers i 2007
- Jerry Hanlon and The Heggarty Twins i 2008
- The Bobcats i 2009
- Svenne Hedlund i 2010
- Conan O'Brien & The Legally Prohibited Band i 2010
- Robyn Hitchcock i 2010
- Laurie Lewis i 2011
- Dale Watson i 2011
- Stella Parton i 2015
- Mark Summers i 2016
- Levon Helm
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Blue Moon of Kentucky» frå Wikipedia på engelsk, den 30. september 2016.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Sleevenotes to Bill Monroe and his Bluegrass Boys, All the Classic Releases, 1937-1949, CD box set by JSP (2003).
- ↑ 2,0 2,1 Jerry Naylor and Steve Halliday (2007). The Rockabilly Legends; They Called It Rockabilly Long Before they Called It Rock and Roll. s. 39. ISBN 978-1-4234-2042-2.
- ↑ Official legal title of Crudup's (and Elvis's) 'That's All Right'
- ↑ Ken Burke and Dan Griffin (2006). The Blue Moon Boys - The Story of Elvis Presley's Band. Chicago Review Press. s. 20. ISBN 1-55652-614-8.
- ↑ Burke, Griffin, s. 41
- ↑ «RCS Label Shot for Sun (Tenn.) 209». Rockin' Country Style.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Songar frå 1947
- United States National Recording Registry-innspelingar
- Bluegrass-songar
- Bill Monroe-songar
- Elvis Presley-songar
- The Kentucky Headhunters-songar
- Grammy Hall of Fame Award
- Songar skrivne av Bill Monroe
- Columbia Records-singlar
- Songar om Kentucky
- The Stanley Brothers-songar
- Rose Maddox-songar
- Patsy Cline-songar
- George Jones-songar
- Porter Wagoner-songar
- Ray Charles-songar
- Al Kooper-songar
- Jerry Reed-songar
- New Jordal Swingers-songar
- Eriksen-songar
- Shakin' Stevens-songar
- LeAnn Rimes-songar
- Billy Swan-songar
- Rory Gallagher-songar
- Wanda Jackson-songar
- Paul McCartney-songar