Hopp til innhald

Verdscupen i skihopping 2003

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Verdscupen i skihopping 2003 omfatta 27 individuelle tevlingar og 2 lagtevlingar. Turneringa tok til med eit storbakkerenn i Kuusamo i Finland den 29. november 2002 og vart avslutta i skiflygingsbakken i Planica i Slovenia 23. mars 2003. Dei 27 individuelle tevlingane fordelte seg på 25 i storbakkar og 2 i skiflyging.

Adam Małysz frå Polen var vann den store FIS-premien for tredje år i rad. Andremann i turneringa, tyske Sven Hannawald, vann fleste enkeltrenn, 6-seks i talet. Austerrike var suverent best av landa, Noreg kom på tredjeplass.

Individuelt

[endre | endre wikiteksten]
Plass Utøvar Land Poeng Sigrar
1 Adam Małysz  Polen 1357 3
2 Sven Hannawald  Tyskland 1235 6
3 Andreas Widhölzl  Austerrike 1028 1
4 Janne Ahonen  Finland 1016 2
5 Florian Liegl  Austerrike 986 1
6 Martin Höllwarth  Austerrike 925 3
7 Primož Peterka  Slovenia 805 2
8 Matti Hautamäki  Finland 797 2
9 Roar Ljøkelsøy  Noreg 757 1
10 Sigurd Pettersen  Noreg 747 2
11 Hideharu Miyahira  Japan 639
12 Andreas Goldberger  Austerrike 556
13 Noriaki Kasai  Japan 548 1
14 Bjørn Einar Romøren  Noreg 523 1
15 Michael Uhrmann  Tyskland 516
16 Andreas Kofler  Austerrike 506
17 Robert Kranjec  Slovenia 431
18 Christian Nagiller  Austerrike 428 1
19 Peter Žonta  Slovenia 410
20 Thomas Morgenstern  Austerrike 385 1
21 Tami Kiuru  Finland 380
22 Veli-Matti Lindström  Finland 295
23 Martin Schmitt  Tyskland 253
24 Arttu Lappi  Finland 241
25 Jakub Janda  Tsjekkia 227
26 Lars Bystøl  Noreg 226