Volda kyrkje

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Koordinatar: 62°08′39″N 6°03′52″E

Volda kyrkje
kyrkje
none
Land Flag of Norway.svg Noreg
Fylke Møre og Romsdal
Kommune Volda
Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Møre
Prosti Søre Sunnmøre
Sokn Volda
Type langkyrkje
Arkitekt Arnstein Arneberg
Material stein
Innvigd 1. mai 1932
Kyrkjegard ved kyrkja
Sitjeplassar 540
Wikimedia Commons: Volda kirke

Volda kyrke er ei krosskyrkje i tettstaden Volda i Volda kommuneSunnmøre.

Volda kyrkje is located in Møre og Romsdal
Plasseringa til Volda kyrkje

Tidlegare kyrkjer[endre | endre wikiteksten]

Volda på slutten av 1800-talet. Kyrkja som då stod var bygd i 1858 etter teikningar laga av Chr. H. Grosch. Ho brann ned i 1929.

Halkjelsvik, no sentrum i tettstaden Volda, var kyrkjestad alt kring år 1200. På 1400 talet stod her ei stavkyrkje. Ho vart påbygd fleire gonger til ho vart nedreven i 1858, og erstatta av ei ny krosskyrkje i tre. Dette var ei av dei største trekyrkjene i landet. Ho brann natt til 7. april 1929. Ikkje noko av det tildels svært gamle inventaret vart redda.

Den noverande kyrkja[endre | endre wikiteksten]

Det vart vedteke å bygg opp ny kyrkje i stein. Ho er reist etter teikning av arkitekt Arnstein Arneberg. Den grovhogne gråsteinen i yttermuren er teken om lag ein kilometer vest for kyrkja. Innvendig vart det bygd ein frittståande kvelving i jarnbetong. Kyrkja er 43,5 meter lang og 16 meter brei. Tverskipet er 29 meter. Høgda under kvelven er 11 meter. Mønehøgda 15 meter. Høgd på spiret er 40 meter. Meister under bygginga var J. Strømsheim frå Sykkylven.

Kyrkja vart vigsla 1. mai 1932 av biskop A. Fleischer. Koret er pryda av ei freskomåling av Hugo Mohr. Det biletet, som den gongen var det største freskoarbeidet i Noreg, stod ferdig til jul i 1932.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Wilhelm Kvalheim: Volda Kyrkje. Volda 1960

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]