Herøy kyrkje på Sunnmøre

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Herøy kyrkje
kyrkje
Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Møre
Prosti Søre Sunnmøre
Sokn Herøy
Fellesråd Herøy
Arkitekt Kine Tambs og Hans Petter Madsø
i arkitektfirmaet Madsø-Sveen
i Trondheim
Innvigd 2003
Orgel Jehmlich Orgelbau (2003)
Sitjeplassar 700
Kart
Herøy kyrkje
62°20′7″ N 5°38′11″ E
Wikimedia Commons: Herøy kirke, Herøy

Herøy kyrkje er ei arbeidskyrkje i Fosnavåg i Herøy kommune i Møre og Romsdal.

Kyrkja har 700 sitjeplassar og vart innvigd av biskop Odd Bondevik 16. februar 2003.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Den første kyrkja i området vart bygd på øya Herøy i tidleg mellomalder. Dette var ei lita steinkyrkje som var hovudkyrkje for heile ytre Sunnmøre. Kyrkja vart riven i 1859 og avløyst av ei trekyrkje. I 1916 vart soknet delt, og kyrkja vart riven. Herøy hovudkyrkje vart så bygd i Skaret i Fosnavåg, medan Indre Herøy kyrkje vart bygd i Stoksund. Herøy hovudkirke brann ned natt til andre juledag 1998. Mange kunstverk frå mellomalderen gjekk tapt i brannen.

Dagens kyrkje[endre | endre wikiteksten]

Dagens kyrkje vart innvigd i 2003. Kyrkja har 700 sitjeplassar når ein reknar med alle forsamlingsrom, og er på til saman 2300 kvadratmeter, fordelt over to etasjar. Kyrkjekontoret for Herøy sokn ligg òg i kyrkja.

Utsmykking[endre | endre wikiteksten]

Kunsten i kyrkja er laga av Per Odd Aarrestad. Han kallar midtgangen i kyrkja for «mennesket sin livsakse». I midtgangen er det sju relieff som skal symbolisere vegen til Gud. Altarutsmykkinga er 18 meter høg og vert kalla «himmelaksen». Ho skal peike mot Gud. Altarskapet er skore i tre og har to motiv. Ope viser det Kristussymbola XP og krone samt symbol knytt til Bibel og sakrament. Attlate viser det den lidande Kristus. Over altaret heng ein kross i laminert glas og speglar. Det er òg fleire glasmåleri på ulike veggar i kyrkja.

Altar, døypefont og preikestol[endre | endre wikiteksten]

Altaret, døypefonten og preikestolen vart teikna av Aslaug Øyehaug og Benedikte Holmberg . På altaret ligg ein stilisert altarduk i stål. Duken har ein bord av ulike kristne krossar. Nederst på altaret er det prega krossornament inn i betongen. Døypefonten har eit rom der det ligg en bit av den gamle døypefonten frå 1572, som vart øydelagd i brannen. Døypefonten er prega med ei duevengje. Dåpsfatet er laga i glas av Ine Harrang. Preikestolen har ornamentmotiv av kornaks.

Orgelet[endre | endre wikiteksten]

Orgelet er bygd av Jehmlich Orgelbau frå Dresden i Tyskland og vart vigsla 30. november 2003.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]