«Jason»

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Jason
«Jason» under ekspedisjonen til Carl Anton Larsen i Antarktis.
Karriere Norwegian Naval Ensign Noreg
Namn: «Jason»
Eigar: Christen Christensen
Overdratt: 1889 A/S Oceana
(Mgr, Christen Christensen)
Verft: Rødsverven i Sandefjord
Sjøsett: 1881
Heimehamn: Sandefjord
Karriere Flag of Italy (1861-1946).svg Italia
Namn: «Stella Polaris»
Eigar: hertug Luigi Amedeo av Abruzzi
Overdratt: 1898
Heimehamn: Genova
Lagnad: I juli 1909 vart ho gjeve som skuleskip til ein ven i Roma og tau til Ripa Grande ved elva Tiber i Italia
Generelle mål
Tonnasje: 495 brt.
255 nrt
Lengd: 147 ft (45 m)
Breidd: 30,6 ft (9,32688 m)
Draft: 17 ft (5,1816 m)
Framdrift: Segl og dampmotor, 60 hk
Fart: 7,5 knop
Mannskap: 40

«Jason» var ei norsk selfangstskute på 495 brt som vart bygt ved Rødsverven (Framnæs Mek. Værksted) i 1881.[1] Ho var rigga som bark og hadde ein mindre hjelpemotor. Skipet var finansiert av forretningsmannen Christen Christensen frå Sandefjord. Ho vart i 1899 seld til Italia og omdøypt «Stella Polare».

I 1888 førte «Jason» Fridtjof Nansen til Grønland i samband med den første dokumenterte kryssinga av øya.[2]

I 1892/93 og 1893/94 vart «Jason» nytta av Carl Anton Larsenkvalfangstekspedisjonar til Antarktis for Christensens selskap A/S Oceana for å kartlegge kval- og selførekomstar.[3] «Jason» undersøkte i første rekke områda rundt Sør-Georgia og aust for Antarktishalvøya og nådde 68°10' sørleg breidde, det sørlegaste punkt nokre hadde segla i dette området.[4] Den første ekspedisjonen var hovudsakleg interessert i fangst av rettkval, men observerte berre blåkval, finnkval og knølkval. Desse artane hadde ein ikkje tilfredsstillende utstyr for å kunne fange. Det vart derimot teke over 6000 pelssel, og året etter reiste ein ned med fire skip og over hundre mann for å fange meir sel.[5]

Oberservasjonane frå «Jason»-ekspedisjonene førte mellom anna til at Carl Anton Larsen i 1904 etablerte kvalfangststasjonen Grytviken på Sør-Georgia.

«Jason» vart i 1899 seld til den italienske prinsen og oppdagaren Luigi Amedeo av Abruzzi og omdøpt «Stella Polare». Luigi Amedeo leia ein nordpolekspedisjon, og frå Kristiania gjekk ferda til Arkhangelsk, der «Stella Polare» ankra opp 30. juni 1899. Ein overvintringsleir vart etablert på Frans Josefs land, men då hertugen mista to fingrar i løpet av overvintringa, tok kaptein Umberto Cagni over leiinga av sledeturen som nådde 86° 34’ den 25. april 1900, 35–40 kilometer lenger nord enn Nansen sin rekord frå 1895. Den 16. august 1900 starta «Stella Polare» returreisa til Noreg og kom til Tromsø 16. august. I 1902 vart ho stryke frå Lloyd's Register.[1]

Geografiske stader kalla opp etter «Jason»[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Miramar Ship Index
  2. A/S Framnæs Mek. Værksted Lardex.net
  3. Jason Hvalfangstmuseet
  4. Carl Anton Larsen Norsk Polarhistorie
  5. Fangst og næringsvirksomhet Hvalfangstmuseet

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • C. A. Larsen: «Nogle optegnelser af sæl- og hvalfanger Jason's reise i sydishavet 1893–94», i Det norske geografiske Selskabs Aarbog 1894, s. 115-151.
  • Louis Amédée de Savoie (Duc des Abruzzes): «Expédition de l’Étoile Polaire dans la Mer Arctique 1899-1900», Paris, coll. Polaires, Économica, 2004

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]