Finnkval
| Finnkval | ||
|
Status i verda: ![]() Finnkval Foto: Lori Mazzuca |
||
| Systematikk | ||
| Domene: | Eukaryota | |
| Rike: | Dyr | |
| Rekkje: | Ryggstrengdyr | |
| Underrekkje: | Virveldyr | |
| Klasse: | Pattedyr | |
| Orden: | Kvalar | |
| Underorden: | Bardekvalar | |
| Familie: | Finnkvalfamilien | |
| Slekt: | Balaenoptera | |
| Art: | B. physalus | |
| Vitskapleg namn | ||
| Balaenoptera physalus | ||
Finnkval, Balaenoptera physalus, er ein bardekval i finnkvalfamilien. Finnkvalen finst i alle verdshava, men er sjeldan i tropiske farvatn. Det vert somme tider skrive at han, i motsetning til andre store bardekvalar, et mykje fisk, men forskinga viser at også finnkvalen i all hovudsak lever av krill, sjølv om han også kan eta fisk.
Finnkvalen var truleg for vanskeleg å fanga før den moderne kvalfangsten med moderne harpunkanoner tok til. På 1900-talet vart bestanden sterkt redusert over heile verda. Det vert no driven ein viss fangst av finnkval på Grønland og Island, og Japan har planar om å starta fangst på finnkval i antarktiske farvatn.[1] I norske farvatn er bestanden om lag 5400 dyr, og er i vekst mot nivået han låg på før fangsten begynte.[2]
