Ávjovárri valkrins

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Ávjovárri valkrins (nordsamisk: Ávjovári válgabiire, bokmål: Ávjovárri valgkrets) er ein valkrins ved Sametingsvala i Noreg frå og med valet i 2009.[1] Krinsen vert også kalla valkrins 2. Stemmerett i krinsen har dei som er busette der og er innførde i manntalet til Sametingsvalet. I 2005 var det 3 521 personar som var registrerte i manntalet i området.[2]

Krinsen femner kommunane Karasjok, Kautokeino og Porsanger.[1]

Det skal ved valet i 2009 veljast inn ni sametingsrepresentantar frå krinsen.[3][2] I Sametingsperioden 2009-2013 skal tinget ha tilsaman 39 representantar.

Krinsordninga ved Sametingsvala vart endra framfor valet i 2009. I staden for dei 13 krinsane ein nytta ved Sametingsvala i 1989, 1993, 1997, 2001 og 2005, er det frå 2009 sju krinsar.[3] Ávjovárri valkrins tilsvarar dei to tidlegare krinsane Karasjok valkrins, som tilsvarte Karasjok kommune, og Kautokeino valkrins som tilsvara Kautokeino kommune, i tillegg til Porsanger kommune som tidlegare var del av Porsanger valkrins.[2]

[endre] Parti og vallister som stiller til Sametingsvalet i 2009 i Ávjovárri valkrins

Desse partia og vallistene stiller til Sametingsvalet i 2009 i krinsen.[4][5]

[endre] Referansar

[endre] Bakgrunnsstoff

Personlege verktøy
Namnerom

Variantar
Handlingar
Navigering
Skriv ut / eksporter
Verktøy