Det norske sametinget

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Sjå også dei finske og svenske sametinga.
Sametinget frå utsida.
Biblioteket i Sametinget.
Sametingsbygningen om vinteren.

Sámediggi, det norske sametinget, er det øvste organet til samane i Noreg, og har som oppgåve å representera interessene deira. Tinget har i 2005 43 representantar, vald frå 13 valkrinsar over heile landet, av veljarar som står oppført i samemanntalet. Sjølve sametingsbygget ligg i Karasjok.

I tillegg til det norske sametinget finst det også eit svensk og eit finsk sameting, som på ulike måtar skil seg frå det norske sametinget. Dei nordiske sametinga samarbeider i Samisk parlamentarisk råd, som vart oppretta i 2000. Dei russiske samane har observatørstatus i Samisk parlamentarisk råd.

Vedtaket om at Sametinget skulle opprettast i Noreg blei gjort i 1987, då Stortinget vedtok Sameloven (Lov om Sametinget og andre samiske rettsforhold). Sametinget erstatta Norsk sameråd. Det blei første gong opna den 7. oktober 1989 av kong Olav, etter at representantar var blitt valde parallelt med stortingsrepresentantane.

Alle som står på samemanntalslista kan veljast inn på tinget, som samlar seg fire gonger i året. Det blir leia av Sametingsrådet, sett saman av ein president, visepresident og tre andre medlemmer som er valde frå sametingsrepresentantane.

Oppgåver[endre | endre wikiteksten]

Tinget har lita reell makt, men skal få uttala seg om saker som gjeld samane. Det er meint å skulla ha ein leiande rolle i den politiske utviklinga av framtida til minoritetsgruppa. Det skal òg fungera som ein representant for det samiske folket ovanfor styresmaktene og den ikkje-samiske majoriteten i Noreg. Sametinget distribuerer årleg ei støtte på 83,4 millionar kroner til samisk kultur-, språk-, utdannings- og næringsføretak.

Fagkomitéar[endre | endre wikiteksten]

Sametinget har fire fagkomitéar.

Sametingsval[endre | endre wikiteksten]

Valet til tinget foregår same dagen som Stortingsvalet, som eit direkte val utført av dei som står i Samemanntalet. For å stå der må nokon rekna seg som same, og i tillegg anten snakka samisk heime, stamma frå minst ein som snakka samisk heime (forelder, besteforelder eller oldeforelder), eller ha foreldre som står eller har stått i manntalet. Alle som står i manntalet kan bli velde inn på Sametinget, og dei er plikta til å stilla på møte dersom dei ikkje ber seg fritekne på grunn av alder (over 60 år) eller stor ulempe i høve til arbeidet sitt.

Parti[endre | endre wikiteksten]

Sven-Roald Nystø, Aili Keskitalo og Ole Henrik Magga, tre sametingspresidentar frå NSR

Ved sametingsvalet 2005 stilte desse partia med lister i ein eller fleire valkrinsar:

Valkrinsar[endre | endre wikiteksten]

Til Sametingsvalet i 2009 er det innførd nytt valkrinssystem.

  1. Austre valkrins (Nuortaguovllu válgabiire / Østre valgkrets) femner Sør-Varanger, Nesseby, Vadsø, Vardø, Båtsfjord, Tana, Berlevåg, Lebesby og Gamvik kommunar. Seks representantar skal veljast frå kretsen.
  2. Ávjovárri valkrins (Ávjovári válgabiire / Ávjovárri valgkrets) femner Karasjok, Kautokeino og Porsanger kommunar. Ni representantar skal veljast frå kretsen.
  3. Nordre valkrins (Davveguovllu válgabiire / Nordre valgkrets) femner Nordkapp, Måsøy, Kvalsund, Hammerfest, Hasvik, Alta, Loppa, Skjervøy, Kvænangen og Nordreisa kommunar. Seks representantar skal veljast frå kretsen.
  4. Gáisi valkrins (Gáiseguovllu válgabiire / Gáisi valgkrets) femner Kåfjord , Storfjord, Lyngen, Karlsøy, Tromsø, Balsfjord, Målselv, Bardu, Lenvik, Berg, Torsken, Tranøy og Sørreisa kommunar. Seks representantar skal veljast frå kretsen.
  5. Vesthavet valkrins (Viestarmera válggabijrra / Viesttarmeara válgabiire / Vesthavet valgkrets) femner Dyrøy, Salangen, Lavangen, Gratangen, Skånland, Ibestad, Harstad, Kvæfjord, Andøy, Øksnes, , Sortland, Hadsel, Vågan, Vestvågøy, Flakstad, Moskenes, Værøy, Røst, Lødingen, Tjeldsund, Evenes, Narvik, Ballangen, Tysfjord, Hamarøy, Steigen, Sørfold, Bodø, Fauske, Saltdal, Gildeskål, Beiarn og Meløy. Fem representantar skal veljast frå kretsen.
  6. Sørsamisk valkrins (Åarjel-Saepmie veeljemegievlie / Sørsamisk valgkrets) femner Nordlandskommunane frå og med Rana og Rødøy og sørover, alle kommunane i Nord- og Sør-Trøndelag fylke, Sunndal, Surnadal og Rindal kommunar i Møre og Romsdal fylke, og Engerdal, Rendalen, Os, Tolga, Tynset og Folldal kommunar i Hedmark fylke. Tre representantar skal veljast inn frå kretsen.
  7. Sør-Noreg valkrins (Lulli-Norgga válgabiire / Sør-Norge valgkrets) femner dei delane av Sør-Noreg som ikkje høyrer til den Sørsamiske valkrinsen, det vil seie fylka Møre og Romsdal utom Surnadal og Rindal, Sogn og Fjordane, Hordaland, Rogaland, Vest-Agder, Aust-Agder, Telemark, Vestfold, Buskerud, Akershus, Oslo, Østfold, Oppland og Hedmark utom Engerdal, Rendalen, Os, Tolga, Tynset og Folldal kommunar. Fire representantar skal veljast frå kretsen.

1989-2005[endre | endre wikiteksten]

Ved vala i 1989, 1993, 1997, 2001 og 2005 vart det vald inn tre medlemmer frå kvar av desse valkrinsane:

  1. Varanger (Sør-Varanger, Nesseby, Vadsø, Vardø og Båtsfjord kommunar)
  2. Tana (Tana, Berlevåg og Gamvik kommunar)
  3. Karasjok (Karasjok kommune)
  4. Kautokeino (Kautokeino kommune),
  5. Porsanger (Porsanger, Lebesby, Nordkapp og Måsøy kommunar)
  6. Alta/Kvalsund (Kvalsund, Hammerfest, Alta, Hasvik og Loppa kommunar)
  7. Nord-Troms (Kvænangen, Nordreisa, Skjervøy, Kåfjord, Storfjord og Lyngen kommunar)
  8. Midt-Troms (Karlsøy, Tromsø, Balsfjord, Målselv, Bardu, Lenvik, Berg, Torsken og Tranøy kommunar)
  9. Sør-Troms (Sørreisa, Dyrøy, Salangen, Lavangen, Gratangen, Skånland, Ibestad, Harstad, Bjarkøy og Kvæfjord kommunar)
  10. Nordre Nordland (Andøy, Øksnes, , Sortland, Hadsel, Vågan, Vestvågøy, Flakstad, Moskenes, Værøy, Røst, Lødingen, Tjeldsund, Evenes og Narvik kommunar)
  11. Midtre Nordland (Ballangen, Tysfjord, Hamarøy, Steigen, Sørfold, Bodø, Fauske, Skjerstad, Saltdal, Gildeskål, Beiarn, og Meløy kommunar)
  12. Sørsameområdet (kommunane i Nordland fylke frå og med Rana og Rødøy og sørover, Nord-Trøndelag og Sør-Trøndelag fylke og Engerdal kommune i Hedmark fylke)
  13. Sør-Noreg (fylka Møre og Romsdal, Sogn og Fjordane, Hordaland, Rogaland, Vest-Agder, Aust-Agder, Telemark, Buskerud, Vestfold, Akershus, Østfold, Oppland, Hedmark (bortsett frå Engerdal kommune) og Oslo.

Tidlegare Sameting[endre | endre wikiteksten]

Her er ei oversikt over tidlegare sameting.

Sameting
Periode President Parti
1989-1993 Ole Henrik Magga Norske Samers Riksforbund
1993-1997 Ole Henrik Magga Norske Samers Riksforbund
1997-2001 Sven-Roald Nystø Norske Samers Riksforbund
2001-2005 Sven-Roald Nystø Norske Samers Riksforbund
2005-2007 Aili Keskitalo Norske Samers Riksforbund
2007-2009 Egil Olli Arbeidarpartiet

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]