Ålfoten kyrkje

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Koordinatar: 61°50′20″N 5°40′28″E

Ålfoten kyrkje
Ålfoten kirke Bremanger.jpg

Foto: kirkenorge.no

Generelt
Kyrkjesamfunn: 

Den norske kyrkja

Bispedøme:  Bjørgvin
Prosti:  Nordfjord
Fellesråd:  Bremanger
Sokn:  Ålfoten
Innvigd:  Ukjend
Kyrkjegard:  Ved kyrkja
Arkitektur
Type:  Langkyrkje
Teknikk:  Lafta[1]
Kyrkjerommet
Preikestol:  Truleg frå kring 1678[1]
Døypefont:  Frå 1683[1]
Altartavle:  Frå tidleg 1600-tal, ommåla i 1767[1]
Plassar:  100[1]

Ålfoten kyrkje står i bygda Ålfoten i Bremanger kommune i Sogn og Fjordane, og er ei lafta langkyrkje frå 1600-talet.

Ålfoten kyrkje is located in Sogn og Fjordane
Plasseringa til Ålfoten kyrkje

Eksakt kva år kyrkja vart sett opp har ein ikkje heilt sikre opplysningar om. 300-årsjubileet vart feira i 1978, men ikkje lenge etter vart det lagd fram opplysningar som gjorde at ein no meiner kyrkja er frå 1610.[1]

Kyrkja er soknekyrkje i Ålfoten sokn i Nordfjord prosti. Sokna Davik, Rugsund og Ålfoten høyrde til Eid prestegjeld til 1740. Dei vart då skilde ut som Davik prestegjeld. Det har vore kyrkje i Ålfoten sidan mellomalderen. Det tidlegaste Ålfotkyrkja er nemd i kjeldene er 1348. Kyrkja som då stod var truleg ei stavkyrkje frå 1200-talet.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]