Rugsund kyrkje

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Koordinatar: 61°53′14″N 5°20′31″E

Rugsund kyrkje
Rugsund church 1.jpg

Foto: C. Hill

Generelt
Kyrkjesamfunn: 

Den norske kyrkja

Bispedøme:  Bjørgvin
Prosti:  Nordfjord
Fellesråd:  Bremanger
Sokn:  Rugsund
Innvigd:  2. september 1838[1]
Endringar:  1911-1912[1]
Kyrkjegard:  Ved kyrkja
Arkitektur
Type:  Langkyrkje
Arkitekt:  Hans Ditlev Franciscus Linstow [1]
Teknikk:  Tømra
Kyrkjerommet
Altartavle:  Jesus går på vatnet av Lars Kinsarvik[1]
Plassar:  Kring 400[1]

Rugsund kyrkje står i Rugsund på fastlandet innom Rugsundøya i Bremanger kommune i Sogn og Fjordane, og er ei tømra langkyrkje frå 1838.[1]

Rugsund kyrkje is located in Sogn og Fjordane
Plasseringa til Rugsund kyrkje
Rugsund kyrkje
Foto: Scarto

Bygget har sitjeplassar til kring 400 personar og vart sett opp etter typeteikningar laga av arkitekt Hans Ditlev Franciscus Linstow.[1] Kyrkja vart pussa opp, ombygd og utvida i 1911–1912. Då vart mellom anna tårnet endra og Lars Kinsarvik skar og måla atlartavle, preikestol, døypefont og veggdekor. Det vart då òg bygd til kor med orgelgalleri over.[1]

Tidlegare låg kyrkja for soknet ute på Rugsundøya.[1] Der låg kyrkja svært fint plassert, men det var eit stendig problem at det var for grunt jorddekkje på gravplassen. Difor vart kyrkjestaden flytt frå øya til fastlandet då det måtte byggjast ny kyrkje etter at 1600-tals kyrkja brann ned.[1]

Kyrkja er soknekyrkje for Rugsund sokn i Nordfjord prosti. Fram til 1740 høyrde Davik til Eid prestegjeld.[2] Rugsund har hatt kyrkje sidan mellomalderen, truleg sidan 1200-talet. Fyrste gongen Rugsund-kyrkja er nemd i kjeldene er 1328. Dette var truleg ei stavkyrkje. Mellomalderkyrkja vart erstatta av ei tømra kyrkje i 1650.[3]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]