Eid kyrkje i Nordfjord

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Koordinatar: 61°54′40″N 5°59′0″E

Eid kyrkje
Eid kyrkje.jpg


Foto: Henny Stokseth

Generelt
Kyrkjesamfunn: 

Den norske kyrkja

Bispedøme:  Bjørgvin
Prosti:  Nordfjord
Fellesråd:  Eid
Sokn:  Eid
Innvigd:  29. oktober 1849[1]
Endringar:  1915
Kyrkjegard:  Ved kyrkja
Arkitektur
Type:  Langkyrkje
Arkitekt:  Claus Wiese[1]
Teknikk:  Tømra
Kyrkjerommet
Plassar:  750[1]

Eid kyrkje står på Nordfjordeid i Eid kommune i Sogn og Fjordane fylke, og er ei tømra langkyrkje frå 1849.[1]

Eid kyrkje i Nordfjord is located in Sogn og Fjordane
Plasseringa til Eid kyrkje
Kyrkja i 1931

Arkitekt for bygget var handelsmannen Claus Wiese frå Eid.[1] Då kyrkja stod ferdig hadde ho sitjeplassar til heile 900 personar, men etter ominnreiingar er det no plass til 750.[1] Kyrkja har takryttar midt over skipet. Innvendig vart kyrkja dekorert med utskjeringar og dekormåling under leing av Lars Kinsarvik i 1915.[1]

Det har vore kyrkje på Nordfjoreid sidan mellomalderen og staden var truleg den fyrste i Nordfjord som fekk kyrkje etter Selja.[2] I mellomalderen hadde Eid-kyrkja status som fjordungskyrkje.[2] Den fyrste kyrkjestaden var på garden Myklebust og ein trur at kyrkja som stod der gjekk med i ein brann.[2] Då kyrkja vart nemnd i kjeldene på 1400-talet stod ho på nabogarden Mel.[2] Dette var ei krosskyrkje som stod til 1689 då ho brann ned. Tre år seinare, i 1691, vart det bygd ei ny krosskyrkje på branntufta. Denne stod til 1849 då ho vart riven for å gje plass til dagens kyrkje.[2]

Eid kyrkje er soknekyrkje i Eid sokn i Nordfjord prosti.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]