Frøya kyrkje

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Koordinatar: 61°46′31″N 4°53′51″E

Frøya kyrkje
Generelt
Kyrkjesamfunn: 

Den norske kyrkja

Bispedøme:  Bjørgvin
Prosti:  Nordfjord
Fellesråd:  Bremanger
Sokn:  Frøya
Innvigd:  11. desember 1865
Endringar:  1933: nytt tårn
Arkitektur
Type:  Langkyrkje
Arkitekt:  Anders Askevold
Materiale:  Tre
Kyrkjerommet
Plassar:  Kring 350 [1]

Frøya kyrkje står på Frøyalandet nordaust for Kalvåg på øya Frøya i Bremanger kommune i Sogn og Fjordane, og er ei langkyrkje bygd i tre i 1865.[2]

Frøya kyrkje is located in Sogn og Fjordane
Plasseringa til Frøya kyrkje

Bygget er teikna av kunstmålaren Anders Askevold og har sitjeplassar til 400 personar.[2] Askvold har òg måla altartavla som har nattverden som motiv og truleg er ein kopi etter Rubens.[2] Før 1865 var kyrkjestaden i Bremanger på Grotle vest på Bremangerlandet og kyrkja som stod der heitte Bremanger kyrkje. Då kyrkjestaden for soknet vart flytt til Frøya i 1865 fylgde namnet Bremanger kyrkje med og kyrkja på Frøyalandet heitte det fram til 1952, då namnet på både kyrkja og kyrkjesoknet vart endra til Frøya medan kyrkja på Bremangerlandet, som fram til då hadde heitt Bremangerpollen, overtok namnet Bremanger kyrkje.[2]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]