1812-krigen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
1812-krigen
Push on, brave York volunteers.jpg
Dato 18. juni 1812–24. desember 1814
(krigshandlinger fortsette til 23. mars 1815)
Stad Austlege Nord-Amerika, Mexicobukta og Atlanterhavet
Resultat Gent-traktaten. Status quo ante bellum
Partar
USA USA Flag of the United Kingdom.svg Storbritannia
Kommandantar
USA James Madison
USA Henry Dearborn
USA Jacob Brown
USA Winfield Scott
USA Andrew Jackson
Det britiske flagget George Prevost
Det britiske flagget Isaac Brock
Det britiske flagget Roger Sheaffe
Det britiske flagget Gordon Drummond
Det britiske flagget Tecumseh
Styrkar
Hær: 7 000 ved byrjinga, 35 800 ved slutten av krigen
Lett infanteri: 3 049
Milits: 458 463 (svært få av desse deltok i krigen)
Marine:
Seks fregattar
14 andre skip
Urfolk
Hær:
6 034 ved byrjinga, 48 163 ved slutten av krigen
Provinsielle regulære troppar: 10 000
Milits: 4 000
Marine:
11 linjeskip
34 fregatter
52 andre fartøy
Urfolk: 3500
Tap
Daude: 2 260
Såra: 4 505
Daude av sjukdom: 4 535
Sivile: 500
Totalt: 11 700
Døde: 1 600
Såra: 3 679
Døde av sjukdom: 3 321
Totalt: 8 600

1812-krigen, eller Den britisk-amerikanske krigen, var ei væpna konflikt mellom Storbritannia og USA som varte frå 1812 til 1815. Krigen hadde ingen klar vinnar, og endra i praksis ingenting, som skildra gjennom uttrykket status quo ante bellum (same situasjon som før krigen).

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

I åra etter Den amerikanske revolusjonen var tilhøvet mellom USA og Storbritannia ofte svært anstrengt. Då Frankrike under Robespierre erklærte krig mot Storbritannia i 1793, heldt USA seg nøytralt. Landet gjorde det same under napoleonskrigane frå 1803. Imidlertid hadde den britiske hæren framleis ikkje trekt seg tilbake frå befestningar i området rundt dei store sjøane, slik fredsavtalen frå 1793 tilsa, og fortsette å støtta urfolk mot Dei sameinte statane. I 1795 inngjekk staten Jay-traktaten med Storbritannia og Greenville-traktaten med urfolka, og stridane blei bilagt for ei tid.

I 1803 byrja ein ny krig mellom Storbritannia og Frankrike. Den britiske marinen mangla arbeidskraft, og byrja borda amerikanske handelsskip for å få tak i britiske sjømenn som arbeidde der. Også amerikanske statsborgarar blei tvingde til å tenestegjera i den britiske marinen, mellom anna fordi Storbritannia ikkje anerkjende amerikansk statsborgarskap gjeve til tidlegare britiske undersåttar. Storbritannia var ikkje villig til å stoppa bruken av tvangsutskriving, og av denne grunnen blei ikkje Monroe-Pinkney-traktaten (1806), som ikkje forbaud dette, ratifisert av USA. Då det britiske skipet HMS «Leopard» skaut på og borda det amerikanske USS «Chesapeake«, drepte tre og tok fire fangar, forlanga mange amerikanarar krig mot Storbritannia for å befesta suverenitet og ære for USA.

Napoleon sitt kontinentalsystem frå 1806 og tilsvaret til britane førte til embargoar (handelsforbod) som gjorde internasjonal handel både usikker og farleg. Mellom 1807 og 1812 blei rundt 900 amerikanske skip haldne. Den amerikanske presidenten Jefferson prøvde å unngå krig, og svarte med Embargoloven i 1807, som forbaud amerikanske skip å sigla til utanlandske hamner, og stengte amerikanske hamner for britiske skip. Embargoen til Jefferson var særskild upopulær i New England (nordaustlege USA), der handelsfolk klaga over fallande inntekter.

Embargoloven fekk inga innverknad på Storbritannia og Frankrike, og blei erstatta av ein ny lov som heva alle embargoane, bortsett frå for britiske og franske hamner. Dette var ikkje gjennomførbart. Ein ny lov heva alle embargoar, men sa dessutan at dersom éi av deu to europeiske stormaktene stoppa innblandinga si i amerikansk skipsfart, ville Dei sameinte statane innføra ein embargo mot den andre. Napoleon lova å stoppa, og USA gjeninnførte embargoen mot Storbritannia.

I den amerikanske kongressen talte ei gruppe «haukar» for krig med Storbritannia, for å stoppa britisk innblanding. Ein del gjekk så langt som til å føreslå invasjon av Canada.

1. juni 1812 vedtok Representanthuset å erklæra krig mot Storbritannia (79 stemmer mot 49), og 11. juni vedtok Senatet det same (17 stemmer mot 13).[1] President James Madison underteikna krigserklæringa 18. juni. Det var første gongen USA erklærte krig mot ein annan stat, og det var det jamnaste slike vedtaket nokon sinne.

Forløp[endre | endre wikiteksten]

Trass i fleire år med diplomatisk konflikt i tida før krigen, var ingen av partane førebudde på han. Storbritannia var oppteken med napoleonskrigane, og måtte bruka det meste av sine styrkar og ressursar på krigen i Europa. Etterkvart som britane gjorde framskritt mot Napoleon, kunne dei senda store skipsstyrker inn i amerikansk farvatn.

Dei regulære styrken i USA omfatta ved byrjinga av krigen under 12 000 mann. Kongressen vedtok å utvide styrkane til 35 000, men soldatyrket var frivillig og lite populært, og dei fleste offiserane var uerfarne og mangla utdanning. I den britiske marinen blei sjøfolkene innrullert for ubestemt tenestetid. I USA var den vanlege tenestetida 2 år. Dermed blei mange båtar bemanna med folk som hadde lita utdanning og erfaring. Derimot var det lønsamt å jobba i den amerikanske skipsbyggingsindustrien.

Krigen til sjøs[endre | endre wikiteksten]

Etter slaget ved Trafalgar i 1805 hadde Storbritannia vore den overlegent mektigaste sjømakta i verda. I 1812 hadde landet 97 fartøy i amerikanske farvatn – mellom anna 11 linjeskip og 34 fregattar – medan USA hadde 22 fartøy, ingen av dei linjeskip.

Den britiske strategien var å verna sin eigen handelsflåte, og å gjennomføra ein blokade av amerikanske hamner for å øydeleggja amerikansk handel. Amerikanarane hadde ikkje kapasitet til å føra open krig til sjøs, og satsa i staden hovudsakleg på raid mot britane.

Avslutting[endre | endre wikiteksten]

Krigen blei avslutta med Gent-traktaten i 1814, som slo fast at territoria som var blitt erobra skulle tilbakeførast til slik dei var ved krigsutbrotet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]