Kristian I av Noreg, Danmark og Sverige

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Medalje med bilete av Kristian I. Frå reisa hans i Italia. Attgjeve i Nordisk Familjebok

Kristian I (142621. mai 1481) var den fyrste av Oldenburgarane som var konge av Noreg og Danmark.

Han var konge av Noreg i tidsrommet 1450 til 1481, av Danmark frå 1448 til 1481 og av Sverige frå 1457 til 1464. Etter at Kristoffer av Bayern brått døydde barnlaus, stod den skøyre Kalmarunionen utan konge og utan naturlege arvingar til trona. Det danske riksrådet tilbaud fyrst trona til hertug Adolf VIII av Sønderjylland, men han meinte at grev Kristian av Oldenburg var ein mykje betre kandidat til trona. Riksrådet hadde problem med å få godkjend Kristian som konge i Noreg, og Sverige sprengde Kalmarunionen i 1448 ved å velja Karl I Knutsson Bonde til konge. I 1449 vart Kristian gift med Kristoffer av Bayern si 18-årige enkje, Dorothea av Brandenburg.

I 1449 krona den norske erkebiskop Aslak Bolt Karl I Knutsson til konge av Noreg. Det norske riksrådet hadde vald Kristian til konge. På Halmstadmøtet i 1450 vart ein samde om at Kristian skulle stø opp om Karl Knutsson sitt krav på Sverige. Som motvekt fekk Kristian verta konge av Noreg. I tillegg vart det avtala at den som levde lengst skulle overta trona til den andre. Karl Knutsson starta i 1452 krig mot Danmark og gjekk til åtak på Skåne. Etter fem års krig vart Kristian i 1457 krona i Uppsala som konge av Sverige. Kristian sin son, Hans (kong Hans I), vart i 1458 vald til tronfylgjar og arving til Sverige og Noreg. Karl Knutsson vart avsett og måtte flykta til Danzig.

To kongar, Hans I og Fredrik I var søner av Kristian I. I tillegg vart dottera Margrete dronning av Skottland, gift med kong Jacob III av Skottland.

I samband med giftarmålet pantsette Kristian I Orknøyane og Shetlandsøyane. Slik fekk han råd til å betala medgifta. Pantet vart aldri innløyst, og slik kom øyane inn under den skotske krona.