Aleksandr Siloti

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Aleksandr Siloti til venstre med Pjotr Tsjajkovskij

Aleksander Iljitsj Siloti (russisk Александр Ильич Зилоти) (9. oktober 18638. desember 1945) var ein russisk pianist, komponist og dirigent.

Han var søskenbornet til Sergej Rakhmaninov.

Liv[endre | endre wikiteksten]

Forfedrane til Siloti innvandra frå Italia til Russland ein gong på 1700-talet.

Siloti fekk først klaverundervising av Anton Rubinstein og studerte frå 1875 til 1881 ved konservatoriet i Moskva under Nikolaj Rubinstein, Pjotr Tsjajkovskij og Sergej Tanejev. Han hadde ein vellukka debut i 1880. I 1883-1886 var han elev av Franz Liszt i Weimar og hadde ei vellukka konsertreise i ulike tyske byar.

Han professor i klaver ved konservatoriet i Moskva i åra 1886-1890 og budde fram til 1900 i Frankfurt am Main, Antwerpen og Leipzig. Frå 1903, etter å ha dirigert Moskva Filharmoniske Symfonikonserter i to år, leda han fram til 1917 symfoni- og kammermusikkkonserter i St. Petersburg.

Siloti si rolle som ein leiande personlegdom innan det russiske musikklivet enda med oktoberrevolusjonen. Han og familien flykta til Finland, gjorde konsertreiser i Tyskland og England og emigrerte til slutt til USA. Der arbeidde han som konsertpianist fram til 1936 og underviste ved Juilliard School i New York i tida 1924-1942.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Charles F. Barber: Lost in the Stars. The Forgotten Musical Life of Alexander Siloti. Scarecrow Press, Lanham MD u. a. 2002, ISBN 0-8108-4108-8.
  • Karl Laux: Die Musik in Rußland und in der Sowjetunion. Henschel, Berlin 1958.
  • Biografie in: Musik in Geschichte und Gegenwart. Personenteil. Band 17: Vin – Z. 2. neubearbeitete Ausgabe. Bärenreiter u. a., Kassel u. a. 2007, ISBN 978-3-7618-1137-5, Spalte 1488.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Aleksandr Siloti