Altaelva

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Denne artikkelen handlar om elva i Noreg. For elva i Ukraina, sjå Altaelva i Ukraina.
Altaelva
Utspring Bajit Vuohcetjavri
- Høgd 440 m
Munning Altafjorden
- Høgd 0 m
Lengd 229 km
Middelvassføring 101 m³/s
Nedslagsfelt 8963 km²
Renn gjennom Kautokeino, Alta

Altaelva er ei omtrent 200 kilometer lang elv som renn gjennom kommunane Kautokeino og Alta i Finnmark før ho munnar ut i Altafjorden. Elva er den nedre delen av Alta- Kautokeinovassdraget. Vassdraget startar ved grensa mot Finland og Sverige. Altaelva er ei av dei beste lakseelvene i Noreg.

Elva vart regulert for nytting i vasskraftverket Alta kraftverk i 1981 etter ein lang strid. Folkeaksjonen mot utbygging av Alta-Kautokeinovassdraget stod i spissen for kampen mot utbygging.

Øvste delen, som renn gjennom Kautokeino kommune, heiter Kautokeinoelva. Etter utbygginga av elva er demninga vorten skiljet mellom Altaelva og Kautokenoelva. Herifrå renn ho gjennom Alta kommune og Nord-Europas største elvegjel, og vidare gjennom Altadalen med sitt særeigne kulturlandskap på vegen mot Altafjorden.

Fiske[endre | endre wikiteksten]

Elva er kjend for å ha stor laks og eksklusive fiske. Fiskekort i elva kan kjøpast frå Alta Laksefiskeri Intressentskap, men korta det er berre eit avgrensa tal fiskekort. Søknad må sendast inn tidleg på året og korta vert selde etter loddtrekning. Ved kjøp av kort får ein eksklusiv rett til ein fiskeplass, og det er berre lov å fiska med ei stong av gongen.

Fiskesoner[endre | endre wikiteksten]

Elva er delt inn i fem soner med varierande tal på kort i kvar sone. Namna på fiskeplassane i elva er ei blanding mellom norske, samiske og finske namn.

Sautso[endre | endre wikiteksten]

Sausto er ca 7 km lang og øvste sona i elva. Ho startar like nedanfor demninga og går gjennom Alta Canyon ned til Gabo, som er eit stryk det ikkje er mogleg å passera med båt. Korta i Sautso:

  • Kort nr 1: Toppen - Svartfossen
  • Kort nr 2: Øvre Tørmenen - Sirppi (Mellom-Sautso)
  • Kort nr 3: Kotaniemi - Gabonakken (Nedre Sautso)

Sandia[endre | endre wikiteksten]

Sandia er ca 9.5 km lang og strekkjer seg frå Gabo og ned til Gilvo. Gilvo og Patagoski er to stryk etter kvarandre. Berre erfarne båtførarar gjev seg i kast med. Korta i Sandia:

  • Kort nr 4: Steinfossen - Mustajoki
  • Kort nr 5: Væhæniva - Parila
  • Kort nr 6: Saarikoski - Gammal-Sandia
  • Kort nr 7: Sandiakoski - Mikkeli
  • Kort nr 8: Hesja - Gilvoniska

Vina[endre | endre wikiteksten]

Vina er ca 9 km lang og går frå Gilvo til Nedre Sierra. Korta i Vina:

  • Kort nr 9 : Gilvo - Storkistanakken
  • Kort nr 10: Slingerplassen - Nedre Kista
  • Kort nr 11: Tanglandet - Gønges
  • Kort nr 12: Bollo - Vinakorva
  • Kort nr 13: Kavala - Øvre Sierra
  • Kort nr 14: Nedre Sierra

Jøraholmen[endre | endre wikiteksten]

Jøraholmen er ca 9.5 km lang og går frå Nedre Sierra til Åkergjerdet. Korta i Jøraholmen:

  • Kort nr 15: Øvre Detsika - Garvarteigen
  • Kort nr 16: Øvre Sorisniva
  • Kort nr 17: Nedre Sorisniva - Øvre Stengelsen
  • Kort nr 18: Brattstrømmen - Nedre Stengelsen
  • Kort nr 19: Langstilla - Shortsplassen
  • Kort nr 20: Jorra - Åkergjerdet

Raipas[endre | endre wikiteksten]

Raipas er ca 11 km lang og strekkjer seg frå Killistrømmen og ned til Alta Bru, som er brua i munningen av elva. Denne sona har tradisjonelt vorten seld som eitt kort som varar frå 3 til 6 døger, og til 25 stk om gongen. Dei siste åra har korta vorte delte inn i eksklusivt fiske som elva elles for delar av sesongen. Korta i denne tida heter:

  • Kort nr 21: Killistrømmen - Djupholla
  • Kort nr 22: Haraldholmen - Tøllevsplass
  • Kort nr 23: Lilleplassen - Forbygningen
  • Kort nr 24: Midterfaret - Pahtakorva
  • Kort nr 25: Elvestrand - Tippen
  • Kort nr 26: Ellilaholmen - Patomella

Tilgjenge[endre | endre wikiteksten]

Vanleg framkomstmiddel i elva er elvebåt. Dette er ein eigen type båt som er 7 til 9 meter lang og litt over ein meter brei. No er desse båtane motordrivne, men i tidlegare tider vart dei staka oppover av to stakarar. Ein stod i front og ein bak. På den tida var båten mykje smalare og noko kortare enn dagens båtar. Nedre del av elva kan ein koma til med bil, men det kan til tider vera særs dårlege skogsvegar. I Sandia og Sautso er båt einaste framkomstmiddelet.

Fiskeslag[endre | endre wikiteksten]

Vatna i øvre del av elva har i tillegg desse sortane:

Sideelver[endre | endre wikiteksten]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Fram til 1600-talet var det stort sett berre samar som dreiv fiske i Altaelva. På 1600-talet vart kongen av Danmark-Noreg meir interessert i dei nordlege landområda og byrja forpakta vekk elva mot ei årleg avgift. Dette vara fram til ca 1730. Etter det byrja dei fyrste elveselskapa som sidan har utvikla seg til Alta Laksefiskeri Interessentskap. På 1800-talet var det særs mange britar som reiste rundt i Noreg for å driva sportsfiske etter laks. Sir Hyde Parker er ein av dei fyrste som kom til Altaelva for å fiska laks i 1836. Etter det har mange britar komme til elva i fleire generasjonar for å fiska. Mange altaværingar har hatt jobb som stakarar og lokalkjende for utanlandske fiskarar. Denne oppgåva har ofte gått frå far til son i generasjonar.

Altautbygginga[endre | endre wikiteksten]

Utbygginga starta so tidleg som 1970 med informasjon frå Norges vassdrags- og energidirektorat om at Altaelva med tilhøyrande sideelver skulle byggjast ut. I 1974 vart konsesjonssøknaden lagd fram, sterkt redusert i høve til fyrste informasjonen som vart gjeven. Den 30. november 1978 vart søknaden innvilga på Stortinget med 90 mot 36 stemmer. Motstanden mot utbygginga var delt i Alta. I 1973 vart Altautvalet danna. Dette var starten på den organiserte motstanden mot utbygginga. I starten dreiv dette utvalet eit utstrekt informasjonsarbeid om konsekvensane ved ei utbygging. Folkeaksjonen mot utbygging av Alta-Kautokeinovassdraget starta i 1979 med passiv motstandsarbeid mot anleggsarbeidet. Motstanden skapte oppsikt i heile Noreg og vart etter kvart ein landsfemnande organisasjon. Den fyrste sivile ulydnadsaksjonen kom den 5. juli 1979, ved at demonstrantar sette seg ned for å stoppa anlegsmaskinene. Dette fortsette til midten av oktober og folk frå heile landet møtte opp for å ta del. Det lokale politiet makta ikkje å rydde demonstrantane av vegen og dette førte til den største politiaksjonen i Noreg, med 600 politifolk. Ti prosent av politistyrken i landet var i Alta og vart inkvartert på eit cruiseskip. I tillegg var det mannskap frå sivilforsvaret med i aksjonen. Saka utvikla seg etter kvart frå å handla om laks, til å handla om samiske rettar. 24. januar 1982 innsåg Folkeaksjonen at slaget var tapt og dimed stansa dei aksjonane. I slutten av februar 1982 kom Høyesterett med ein dom om at vedtaket i Stortinget var gyldig. I mai 1987 vart kraftverket sett i drift.

I dag er eit Altakraftverk ei måleeining. Ved nye utbyggingar reknar ein ofte produksjonen i kor mange Altakraftverk dei tilsvarar.

Filmen La elva leve! handlar om motstandsarbeidet til Folkeaksjonen

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]