Amursvale

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Amursvale

Status i verda: Livskraftig (LC)

HirundoDauricaGould.jpg

Systematikk
Rike: Animalia
Rekkje: Chordata
Klasse: Aves
Orden: Passeriformes
Familie: Hirundinidae
Slekt: Cecropis
Art: P. daurica
Vitskapleg namn
Cecropis daurica
Cecropis daurica

Amursvale (Cecropis daurica) er ein art av små svaler som hekkar i opent, kupert landskap i det tempererte Sør-Europa og Asia, frå Portugal og Spania austover til India og Japan, dessutan tropiske Afrika. Dei indiske og afrikanske fuglane er standfuglar, mens dei europeiske og andre asiatiske fuglar er trekkfuglar. Overvintringsplassane ligg i Afrika og India og streiffuglar dreg til Christmasøya og det nordlege Australia.

Amursvala liknar andre svaler i levemåte og utsjånad og minner om seglarar som til likskap med svaler beitar insekt i flukt. Amursvala liknar spesielt låvesvala, men er mindre, ca. 14 til 19 cm, har mørkare underside med diffuse striper[1] og dei har lys eller raudleg overgump, ansikt og nakkekrage. Ho manglar brystband, men har svarte stjertspyd, noko kortare enn hos låvesvala. Dei har breie, men spisse venger og er raske flygarar, dei slår til mot insekt medan dei flyg.

Reiret er ein halvkuleforma konstruksjon av gjørme som amursvala har samla med nebbet. Det har sideinngang gjennom ein mura tunell. Vanlegvis ligg reiret under overheng i fjellsider, men fuglane tilpassar seg bygningar og bruer. Kullet er på tre til seks egg.

Normalt dannar ikkje amursvala store hekkekoloniar, men dei er selskaplege utanfor hekkesesongen. Til dømes kan ein sjå mange hundre i flokk over sletteland i India.

Amursvala er ein sjeldan gjest i Noreg i mai og juni.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Svensson, Lars et al (1999). Gyldendals store fugleguide. Gyldendal norsk forlag. ISBN 82-05-25554-7. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]