Arvidsjaurs kommun
| Arvidsjaurs kommun | |
Kommunevåpenet til Arvidsjaurs kommun |
|
| Len | Norrbottens län |
| Landskap | Lappland |
| Areal | 6 126,32 km² |
| – Landareal | 5 655,97 km² |
| – Vassareal | 470,35 km² |
| Folketal | 6529 |
| Kommunenummer | 2505 |
| Kart | |
|---|---|
Arvidsjaur kommune er ein kommune i Norrbottens län i landskapet Lappland i Sverige. Kommunen har grensar mot nabokommunane Arjeplog, Jokkmokk, Älvsbyn, Piteå, Skellefteå, Norsjö, Malå og Sorsele. Administrasjonssenter i kommunen er Arvidsjaur.
Innhaldsliste |
Etymologi [endre]
Namnet «Arvidsjaur» har ingenting med mannsnamnet Arvid å gjere, men kjem frå det umesamiske ordet árviesjávrrie, avleidd frå árvies («gavmild» eller «den som gjev mykje») og jávrrie («sjø»), og syner til fisket i den nærliggande innsjøen med same namn. Aruens jäff var i 1607 namnet på den samebyen der Arvidsjaur kyrkje vart bygd.
Samisk språk [endre]
Samisk har status som offisielt minoritetsspråk i kommunen[1] og Arvidsjaur inngår i forvaltningsområdet for samisk språk i Sverige.
Administrativ historikk [endre]
Sokndanninga i nordlege delar av Sverige var sein; Arvidsjaur sokn vart danna i 1606 ved oppdeling av Piteå sokn. Deretter var det nokre fleire oppdelingar fram til kommunalreformen i 1863, og landskommunen Arvidsjaur vart danna. Kommunen har ikkje blitt slått saman med andre kommunar, men har same grensar som soknet hadde i 1863. Mellom 1895 og 1962 utgjorde Arvidsjaur eit municipalsamhälle.
Geografi [endre]
Arvidsjaur kommune ligg ved Inlandsbanan midt i landskapet Lappland, ca. 110 km sør for Polarsirkelen.
Tettstader [endre]
Arvidsjaur kommune hadde tre tettstader (tätorter) i 2005. I tabellen er folketalet per 31. desember 2005.
| # | Tettstad | Innbyggjarar |
|---|---|---|
| 1 | Arvidsjaur | 4644 |
| 2 | Glommersträsk | 306 |
| 3 | Moskosel | 299 |
Småstader [endre]
Arvidsjaur hadde fire småstader (tätorter) i 2005. I tabellen er folketalet per 31. desember 2005.
| # | Småstad | Innbyggjarar |
|---|---|---|
| 1 | Abborträsk | 143 |
| 2 | Lauker | 77 |
| 3 | Auktsjaur | 63 |
| 4 | Järvträsk | 51 |
Næringsliv [endre]
Næringslivet i kommunen er dominert av skogsindustrien, turistnæring og av offentleg sektor ved mellom anna Arméns jägerbataljon. Det er 420 føretak som opererer i kommunen.
Dessuten testar ein vinterklimaet til franske, italienske og tyske bilar i kommunen.
Samferdsel [endre]
Frå Arvidsjaur lufthamn går det daglege fly til Stockholm. Inlandsbanan går òg gjennom Arvidsjaur. E45 går gjennom kommunen.
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «Arvidsjaur kommune» frå Wikipedia på bokmål, den 27. juni 2012.
- Wikipedia på bokmål oppgav desse kjeldene:
- ↑ Det svenske Språkrådets hjemmesider, om minoritetsspråk
Bakgrunnsstoff [endre]
|
|
||
|---|---|---|
| Arjeplog · Arvidsjaur · Boden · Gällivare · Haparanda · Jokkmokk · Kalix · Kiruna · Luleå · Pajala · Piteå · Älvsbyn · Överkalix · Övertorneå | ||
| Sjå òg: Kommunar i Sverige | ||