Bakka kyrkje
| Bakka kyrkje | ||
| Generelt | ||
| Kyrkjesamfunn: | ||
| Bispedøme: | Bjørgvin | |
| Prosti: | Indre Sogn | |
| Fellesråd: | Aurland | |
| Sokn: | Nærøy | |
| Innvigd: | 11. mai 1859[1] | |
| Kyrkjegard: | Ved kyrkja | |
| Arkitektur | ||
| Type: | Langkyrkje | |
| Arkitekt: | Chr. H. Grosch[1] | |
| Materiale: | Tre | |
| Kyrkjerommet | ||
| Plassar: | 200[1] | |
| Bakka kyrkje på Commons | ||
Bakka kyrkje står i grenda Bakka ved Nærøyfjorden, i Aurland kommune i Sogn og Fjordane.[1]
Kyrkja er soknekyrkje i Nærøy sokn i Indre Sogn prosti og er ei trekyrkje frå 1859.[1] Bygget er teikna av Christian Heinrich Grosch og er lite endra sidan ho var ny.[1] Dette er den fyrste kyrkja på staden og ho vart sett opp på Bakka fordi det var midt i soknet. Før ho vart bygd sokna folket ved Nærøyfjorden og i Nærøydalen til Undredal stavkyrkje i Undredal ved Aurlandsfjorden.
Altartavla frå 1907 er måla av Nils Bergslien og har ramme skoren av Magnus Dagestad. Ho viser Jesus i Getsemane.[1]
Nærøy sokn er eit av dei minste i folketal, og det er såleis ikkje så mange som soknar til kyrkja. På den andre sida er kyrkja truleg mellom dei mest fotograferte i landet, der ho ligg så lageleg plassert for dei mange med fotoapparat om bord på turistbåtane som fer på Nærøyfjorden.
Innhaldsliste |
Galleri [endre]
Sjå òg [endre]
Kjelder [endre]
- Torkjell Djupedal og Sigurd Vengen: «Bakka kyrkje» på nettstaden til Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane
- «Kyrkjene i Nærøyfjorden» hjå NRK Sogn og Fjordane Fylkesleksikon
- Sigurd Muri: Norske kyrkjer. Det Norske Samlaget. Oslo 1971
Fotnotar [endre]
Bakgrunnsstoff [endre]
- Om Bakka kyrkjelyd på nettstaden til Den norske kyrkja
- «Kirkebøker, Sogn og Fjordane» på nettstaden til Arkivverket
- Eldre fotografi av Bakka kyrkje på nettstaden til Nasjonabiblioteket
- Fotografi av Bakka kyrkje teke av Knud Knudsen i sist halvdel av 1880-åra
- Kart frå 1979 som viser kyrkjestader og soknegrenser, på nettstaden til Universitetet i Bergen
|
|
|
|---|---|
| Bakka · Flåm · Undredal · Vangen |
|
|
|
|---|---|
| Bakka · Borgund nye · Borgund stavkyrkje · Dale · Farnes · Fet · Fjærland · Flåm · Fortun · Gaupne nye · Gaupne gamle · Hafslo · Hauge · Joranger · Jostedal · Kaupanger · Leikanger · Nes · Norum · Solvorn · Stedje · Tønjum · Undredal · Urnes · Vangen · Veitastrond · Årdal |