Wollert Konow

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Wollert Konow (fleirtyding).
Wollert Konow om lag 1910

Wollert Konow (fødd 16. august 1845 på Stend i Fana, død 15. mars 1924 på Stend i Fana) var ein norsk politikar (V, FrV), brukseigar og Noregs statsminister i 1910-1912. Han var fast representant for Venstre på Stortinget frå 1880, der han markerte seg som ein del av den radikale fløya av venstremennene på tinget. Han sat i første omgang fast på Stortinget i tre periodar fram til 1889, og stod sentralt i striden om statsrådane sin møterett på Stortinget, den såkalla Statsrådssaka. Han vart seinare ein sentral kritikar av Sverdrup-regjeringa, som han og andre radikale venstremenn syntest var altfor moderat. Ved Stortingsvalet i 1888 var han ein av dei radikale venstremennene som vart «hogd ned» av dei moderate i Venstre og mista stortingsplassen.

Han kom attende som stortingsrepresentant i 1898, men vart permittert frå 1899 grunna dårlege økonomiske tilhøve ved møllebruket sitt på Stend. Med åra fekk han eit meir konservativt politisk syn, og var usamd med Venstre i mellom anna sosiale reformer og konsesjonslovene. Han var med på skipinga av Frisinna Venstre i 1909, og vart vald inn som stortingsrepresentant for partiet i 1910. Frisinna Venstre og Høgre gjorde eit godt val, og danna ei samarbeidsregjering med Konow som statsminister. Regjeringa var frå starten mislikt i Høgre-kretsar, og då Konow under ein tale til Bondeungdomslaget i 1912 omtala målsaka i positive vendingar, trekte Høgre-statsrådane seg frå regjeringa. Konow forsøkte fyrst å rekonstruere regjeringa, men måtte til slutt gå av.

Konow var ordførar i heimkommunen Fana i ei årrekkje, og arbeidde mykje for å betre samferdsla både i kommune og fylke. Han var også med på skipinga av Bergens Glasværk i 1875 og Fana Sparebank i 1878.

Livssoge[endre | endre wikiteksten]

Barne- og ungdomsår[endre | endre wikiteksten]

Wollert Konow vart fødd i 1845 på Stend hovudgard i Fana som tredje sonen til Wollert Konow (1809-1881) og kona hans, Marie Oehlenschläger Konow. Mora var dotter av den kjende danske diktaren Adam Gottlob Oehlenschläger, medan faren kom frå ein opphavleg tysk familie som hadde slått seg ned som handelsmenn i Bergen på 1700-talet. Faren var, likeeins som sonen, ordførar i Fana og stortingsmann.

Stend Hovedgård i 2009
Foto: David40226543

Ei tid etter at den då 15 år gamle Konow hadde byrja på Bergens katedralskole i 1861, vart familien nødd til å selje Stend hovudgard fordi utgiftene ved gardsdrifta vart for store. Garden vart selt på auksjon til amtstinget som tok garden i bruk som jordbruksskule. Faren heldt likevel unna eit jordstykkje på 25 dekar, møllebruket sitt og vass- og fallretten frå Stendavatnet. Familien hadde slekt i Bergen som tok seg av Konow, slik at han sjølv ikkje leid noka naud grunna farens økonomiske vanskar. Ved katedralskolen kom han i kontakt med målsaka, og jamvel om han ikkje offentleg uttrykte noko sterk støtte for målsaka i tida på katedralskolen, var han tidleg ute med å tinge bladet Dølen og melde seg også inn i Vestmannalaget når laget vart skipa. Konow vart trass i dette ikkje målmann i vaksen alder.

I 1861 reiste Konow til Kristiania og tok til med jusstudiar. Men etter eit opphald i Danmark vart han gripen av den folkeopplysningstanken som grundtvigianismen hadde vekka. I 1864 avbraut han jusstudiane og starta ein folkehøgskuleHalsnøy kloster i Sunnhordland.[1] Skulen vart starta med hjelp frå den seinare stortingsmannen Nils Juel, som var bonde på Halsnøy. Skulen var den fyrste folkehøgskulen som vart skipa på Vestlandet. Få elevar møtte opp når skuleåret tok til på hausten, og neste haust var talet på elevar enda lågare. Konow freista ei stund å be om statsstøtte, men slo etterkvart dette frå seg.

Det var på denne tida Konow vart kjend med Bjørnstjerne Bjørnson. Trass i aldersskilnaden fann dei straks at dei delte mange politiske oppfatningar, både når det galdt folkehøgskulen og unionsspørsmåla. Denne vennskapen kom til å vare heilt fram til diktarens død i 1910. Konow hadde sett opp til Bjørnson heilt frå barndomen av, og vennskapen dei i mellom kom til å bety mykje for han seinare i livet. Dei skreiv jamt og trutt til kvarandre, og utveksla ofte synspunkt i politiske stridssaker.[2]

I 1872 flytta Konow skulen til MossigeJæren. Der hadde han fått lovnader om høgare elevtal og betre økonomiske tilhøve. Om lag 30 elevar møtte opp når skulen tok til i september same året. Skulen måtte likevel leggjast ned etter berre eitt år - Faren trong hjelp på møllebruket, og Konow flytta attende til Stend.

Attende til Stend[endre | endre wikiteksten]

Når Konow vende attende til Stend var tidene i møllebransjen monaleg gode. Han gjekk snøgt til verks for å effektivisere møllebruket, og sende ein søknad til kommunen om løyve til å grave ut ein kanal for å sikre vassforsyninga. Det tok ikkje lang tid før produksjonskapasiteten auka, og i 1875 var i alt 15 mann i arbeid på mølla. Med åra kom han også til å utvide garden med eit hundre måls jord. I 1875 gifte Konow seg med Fredrikke Wilhelmine «Frigga» Kooter, som var dotter av ein bankbokhaldar.[3]

Då faren døydde nokre år seinare, flytta mora attende til København, medan Konow og Frigga tok over eigedomen på Stend. Konow engasjerte seg frå fyrste stund i lokalmiljøet, og hadde allereie i 1875 vore med på å skipe Bergens Glasværk. I 1878 var han med på å skipe Fana sparebank, og sat som styreformann samanhengande i 28 år frå skipinga og fram til 1905. Frå 1877 var han varamann til Stortinget for Søndre Bergenhus, og frå 1878 medlem av heradsstyret. Like før jula 1879 vart han vald til ordførar i Fana. Han var ordførar i bygda fram til 1901, med unntak av to avbrot. Konow kombinerte lenge dette vervet med arbeidet på Stortinget. Han vart likevel ein populær ordførar, og i hans tid som ordførar var Fana prega av ein vekstperiode. I 1933 fekk han følgjande omtale av bygdehistorikaren Hermod Hjellestad: «Ingen einskild mann har gjort så mykje for bygdi som Konow».[4] Som ordførar arbeidde Konow mykje med samferdsel, og gjorde mellom anna mykje for å realisere Nesttun-Os-banen som vart opna i 1894.

Stortingskarriere[endre | endre wikiteksten]

Varamann på Stortinget[endre | endre wikiteksten]

I januar 1879 fekk Konow brev med melding om å møte på Stortinget heile våren. Ein representant hadde seld garden sin, og sidan lova sa at ein måtte eige jord for å ha møterett på Stortinget, måtte Konow møte i hans stad. Konow byrja snart å like seg på Stortinget, og utfalda seg som talar på Stortinget. Han vart ein del av gruppa av venstremenn som var knytte til folkehøgskuletradisjonen og kravde norsk sjølvstende, jamvel om dei på det tidspunktet meinte at dette kunne oppnåast innanfor unionen.[5]

Stortingsrepresentant 1880-1882[endre | endre wikiteksten]

Konow på 1880-talet

Året på Stortinget gav meirsmak, og Konow fekk etterkvart ambisjonar om å kome inn med fast plass på Stortinget. Venstre var i medvind ved Stortingsvalet i 1879, og han vart vald inn frå Søndre Bergenhus amt med god margin.

Konow vart straks ein markant og viktig del av venstregruppa på Stortinget. Det viktigaste for han og resten av opposisjonen var på dette tidspunktet statsrådssaka: Striden som dreidde seg om regjeringsmedlemmane skulle møte i Stortinget. I denne striden var han ein av dei radikale stortingsrepresentantane som samla seg om Johan Sverdrup sin leiarskap.[3] Konow hadde eit dårleg forhold til Oskar II grunna kongen sin motvilje til å sanksjonere lova om møteretten til statsrådane, og ein av dei fyrste tinga han gjorde som stortingsmann, var å fremja eit lovforslag om mildare dom for majestetsfornærming, men trekte det attende etter oppmoding frå stortingsfleirtalet, som syntest at forslaget var for drastisk. Konow gjekk likevel ikkje inn for å redusere kongens apanasje då dette kom opp i 1882. Han var rett nok samd i at kongen fekk for mykje i høve til dei tronge tidene, men meinte at eit slikt initiativ måtte kome frå kongen og regjeringa sjølve.

Stortingsrepresentant 1883-1885[endre | endre wikiteksten]

Konow hadde i løpet av tida på Stortinget fått ein stadig sterkare posisjon som stortingsmann. Under valkampen og før det endelege nominasjonsmøtet kritiserte likevel den konservative pressa han for å ha eit distansert forhold til kristendommen, og høgrefolk åtvara om at hans «Politik vil lede til Omstyrtelse af Stat og Kirke».[6] Etterverknadene av kritikken førte til at han måtte nøye seg med å verte den femte og siste stortingsmannen som representere Søndre Bergenhus amt. På landsbasis hadde Venstre derimot auka oppslutninga, og oppnådde reint fleirtal på Stortinget.

Då Konow reiste til hovudstaden i januar 1883 var det semje mellom venstremennene om at ein måtte organisere den breie venstreopposisjonen som ei fast gruppe i Stortinget. 30. januar 1883 vart Stortingets Venstreforening skipa, og året etter vart Norges Venstreforening skipa. Konow spelte ikkje noka hovudrolle når partiet vart stifta, men var aktiv i kulissane. Dette medførte at han sat i landsstyret alt frå 1884 og i fem år framover.

Riksretten i 1884. Teikning av Lorentz Norberg

I juni 1880 hadde Stortinget vedtatt ein ny grunnlovsparagraf om statsrådane sin møterett, etter at kong Oscar for fjerde gong nekta å godta stortingsvedtaket om møteretten. Dette gjorde ein jamvel om det juridiske fakultet hadde fastslått at kongen hadde absolutt veto i grunnlovssaker. Men den konservative regjeringa kunngjorde ikkje vedtaket. Venstre planlagde derfor å stille regjeringa for riksrett, men for å få til dette måtte samansetninga av Stortinget vere i Venstre sin favør. Partiet ønskte derfor høyre kva folket meinte gjennom val. Fyrst etter at Stortingsvalet i 1883 førte til framgang for Venstre, kunne ein altså røyste om å reise riksrett mot regjeringa.

Riksretten som følgde i 1883-1884 medførde at statsminister Christian August Selmer vart domfelt for å ha brote pliktene sine som statsminister og regjeringsmedlem. Alle høgsterettsdommarane røysta for frifinning, men sidan lagtingsmennene utgjorde fleirtalet i riksretten vart dei dømde uansett. Selmer og regjeringa nekta fyrst å gå av, men måtte fråtre når det vart gjord kongeleg resolusjon om avskil 11. mars.

Parlamentarismen hadde enno ikkje vorte eit politisk prinsipp, og Kong Oskar II ønskte ikkje å be ein venstremann om å danne regjering. Han forsøkte i det lengste å få skipa til ei høgreregjering. I juni gav han endeleg opp og bad Johan Sverdrup om å skipe ei ny regjering. Konow og fleire andre venstremenn vart skuffa når det viste seg at fleire av statsrådane som vart utnemnde av Sverdrup hadde eit fjernt tilhøve til partiet. Enda verre vart det når det viste seg at ingen frå den radikale delen av Venstre vart med i regjeringa. Konow hadde sjølv vore ein aktuell kandidat til å innta ein regjeringsposisjon, men kom altså ikkje med. Grunnen til at ingen av dei radikale venstremennene kom i regjering, skuldast at Oscar II nekta Sverdrup å ta med nokre av dei mest aktive radikale venstremennene i regjering.

Fedraheimen feirar Venstre si maktovertaking. «Fremst skrid no Norig millom Nordlandi, no er me kanskje det friaste Folk i Verdi» erklærer avisa.

Usemjene mellom stortingsrepresentantane var til tider store. Heilt frå regjeringsskipinga hadde statsrådane krangla om utnemninga av embetsmenn, og fleire av dei statsrådane som ikkje var utprega venstremenn nekta å gå inn for venstremenn når høgrefolk med lengre ansiennitet var tilgjengelege. Trass i dette var samhaldet framleis sterkt når typiske venstresaker vart lagt fram for Stortinget.

Stortingsrepresentant 1886-1888[endre | endre wikiteksten]

Ved valet i 1885 gjekk Venstre framover og tok eit par nye mandat. Trass i framgangen hadde dei moderate i partiet gått kraftig til åtak på dei radikale, inkludert Konow. Krangelen mellom dei to grupperingane hadde bakgrunn i vårens strid i Stortinget om saker som sokneråd, presteval og oppgjeret om diktarløn til Alexander Kielland. Konow kom seg likevel heilskinna gjennom striden, og vart den kandidaten som fekk nest flest røyster av valmennene i Søndre Bergenhus.

Venstre hadde lenge kjempa for ei demokratisering av kyrkja, og i opposisjon hadde ein kjempa for å opprette sokneråd. Når dei radikale fekk vite atkyrkjeminister Jakob Sverdrup gjekk inn for at berre «konfirmerede og nadverdsberettigede Mænd» skulle få røysterett vart det uro.[7] I 1887 røysta «reine Venstre», som dei radikale hadde byrja kalle seg, saman med Høgre ned alle framlegg som hadde med soknerådsspørsmålet å gjere. Konow og andre regjeringskritikarar si haldning var at det var betre med inkje demokrati i kyrkja, enn det dei såg på som eit ufullstendig demokrati.

I 1888 gjorde moderate venstremenn felles sak med Høgre og kasta den radikale Ole Anton Qvam som visepresident i Odelstinget. Konow, som hadde vore odelstingspresident sidan 1884, slapp førebels unna. I februar vart det kalla inn til oppvaskmøte i Venstre. Der vedtok det radikale fleirtalet å løyse opp foreininga, for så å skipe si eiga stortingsgruppe.

Stortingsvalet i 1888 vart prega av buskagitasjon og hets. «Hug dem ned» sa den moderate avisa Kristianiaposten, medan den radikale pressa, inspirert av eit av Konows utsegner under valkampen, døypte regjeringa «Høires Skilpadder».[8] Valet vart ei katastrofe for Dei Reine, både på landsbasis og i Søndre Bergenhus Amt. I Søndre Bergenhus fekk ikkje Dei Reine ein einaste stortingsrepresentant, medan Dei Moderate fekk inn fem representantar. Mønsteret var det same i andre delar av landet, og fleire sentrale stortingsrepresentantar frå Dei Reine fekk ikkje attval.

Ute av Stortinget[endre | endre wikiteksten]

Tapet av stortingsplassen var eit stort slag for Konow. Han fekk med tida fleire førespurnader frå Venstre, men i dei fleste høve stogga pliktene og gjeremåla på møllebruket han: Han var mellom anna eit aktuelt namn når Johan Sverdrup freista å rekonstruere regjeringa i 1889. I 1891 fekk han tilbod om å verte norsk statsminister i Stockholm av Johannes Steen. Dette var ei særs viktig stilling, sett i lys av det spente tilhøvet mellom dei to unionslanda grunna konsulatsaka. Dei Økonomiske forpliktingane heime på Stend førte likevel til at han såg seg nøydd til å avslå førespurnaden.

Etter at Stortingsvalet i 1895 gav Venstre fleirtal, søkte den sitjande høgreregjeringa avskil. Grunna den etterkvart så tilspissa konsulatsaka mangla dei fleste venstremenn tillit hjå kongen og regjeringa i Sverige. Statsminister Emil Stang tilrådde Wollert Konow som ny statsminister, av di han hadde stått utanfor dei siste unionspolitiske basketaka. Forslaget vart avslått av Oskar II, mellom anna fordi Konow ville ta med seg aktive venstremenn i ei eventuell regjering. Stang vart dermed tvunge til å halde fram som statsminister.

Seinare same året vart «knyttnevepolitikken» overfor Sverige avslutta, og tingingar med Sverige tok til. Konow var ein av Noregs representantar i dei påfølgjande tingingane. Drøftingane vart langdryge, og han mista trua på at dette var vegen å gå. Tingingane var mislukka og vart avslutta i 1898. I 1897 takka han endeleg ja til å verte stortingskandidat, og trådde igjen inn i det politiske livet. Valet vart ein stor siger for Venstre, og partiet oppnådde den største valsigeren og den høgaste representasjonen partiet nokon gong har hatt.[9]

Stortingsrepresentant 1898-1900[endre | endre wikiteksten]

I den påfølgjande debatten om kven som skulle danne ei ny venstreregjering, meinte mange, mellom anna redaktør Olaf Thommessen i Verdens Gang at Konow burde verte statsminister i staden for den aldrande Johannes Steen. Han vart kalla inn til kongen etter valet for å drøfte situasjonen, og mange svenske aviser meinte at svenskekongen føretrekte Konow over Steen, fordi han meinte at Konow hadde betre føresetnader for å jamne ut motsetnadene mellom Noreg og Sverige i unionen. Det var likevel Steen som til slutt trekte det lengste strået. Konow hadde lenge vore ute av politikken, og i partileiinga ottast ein at han ikkje var den same som før. På Stortinget vart han vald til president i Odelstinget, og attåt det var han også formann i næringskomitè nr.1.

Konow innstilte seg så på eit liv som stortingsmann, men hadde vanskar med å finne den same motivasjonen som han hadde hatt i tidlegare år. Medan Venstre utetter 1890-åra hadde vorte eit sosialradikalt parti med føremål om å setje i verk sosiale reformer, vart Konow stendig meir konservativ og varsam, og i strider som omhandla klassemotsetnader var han redd for at den veksande arbeidarklassa skulle verte for kravstor, og høyrde til såleis eit mindretal i partiet. På Stortinget engasjerte han seg ofte i næringspolitiske spørsmål. Mellom anna andsynes fiskeripolitikk og tollsaker.

Det var dårlege tider for Konow sitt møllebruk på Stend, og det synte seg vanskeleg for han å kombinere rolla som stortingsmann og mølleeiga. Han var derfor mykje vekke frå Stortinget i 1899. Konow fekk innvilga permisjon frå stortingsarbeidet hausten 1899, og greidde å sleppe unna heile sesjonen året etter. Ved Stortingsvalet i 1900 vart Konow atter ein gong sterkt oppmoda av venstrefolk om å stille til val, men tykte seg endeleg ferdig med rikspolitikken.

Møllar[endre | endre wikiteksten]

Avstanden mellom Konow og Venstre vart enda større utetter i 1900-åra. Han vart stendig meir kritisk til sitt eige parti, og meinte at Venstre brukte for mykje energi på sosiale reformer, heller enn å demme opp mot sosialismen. Alt før Stortingsvalet i 1903 gjorde Konow det klart at han var ferdig med sitt gamle parti, og etterkvart vart han tilknytt Samlingspartiet.

Utetter i det neste tiåret var det mølledrifta og økonomiske investeringar heller enn politikk som kom til å opptake han. Han vitja ofte Bergsdalen om somrane, og kjøpte fleire vassdrag og fossefall der. Seinare vart desse investeringane truleg ein av grunnane til at Konow vende attende til politikken, jamfør striden om vasskraftutbygging, konsesjonslover og heimfallsrett. Arbeidet med å lage konsesjonslover for å få nasjonal kontroll over naturresursane starta lovande i etterkant av unionsoppløysinga. Alle var samde om å hindre at den utanlandske kapitalen vart for stor, striden kom til å handle om konsesjonslovene skulle femne om både utlendingar og nordmenn, og dei som berre ville verne norske interesser mot utanlandske kapitalkrefter. Venstre og sosialdemokratane ønskte konsesjon også overfor nordmenn, medan Høgre og det seinare Frisinna Venstre heldt noko slikt for å vere eit åtak på den private eigedomsretten.

Når Venstre, som hadde kvitta seg med konservative og moderate krefter ved konsolideringa i 1908, vedtok strenge konsesjonslover, vekte det harme hjå mange konservative, også Konow. Mange talte om at dei borgarlege veljarane måtte samlast i eit parti igjen, på same måten som med Samlingspartiet før unionsoppløysinga. I mars 1909 vart Frisinna Venstre skipa i Kristiania. Mellom skiparane var Christian Michelsen, Wollert Konow og elleve stortingsmenn. Seinare slutta også kjende personlegdomar som Johan Hjort, William Nygaard, Ernst Sars, Richard With, Gerhard Henrik Armauer Hansen og ikkje minst Fridtjof Nansen seg til partiet.

Konow hadde no stabilisert økonomien ved møllebruket, og den seinare politiske utviklinga hadde samstundes gjeve han ein ny gjev og eit ønske om å tre inn i politikken igjen. Ved stortingsvalet i 1909, der ein opererte med direkte val i einmannskrinsar, var han nominert i Voss krins, men tapte valet, og hadde dermed tenkt å gje seg. Valordninga var derimot konstruert slik at det var mogleg med omval, og etter tidlegare statsminister Christian Michelsen sin inngripen, vart Konow nominert og vald frå Midhordland krins.

Statsminister[endre | endre wikiteksten]

Sjå òg Regjeringa Konow

Då Frisinna Venstre vart skipa vart dei ønskte som samarbeidspartnarar av Høgre, og før valet fann det stad eit uformelt valsamarbeid mellom dei to partia i fleire valkrinsar. Partia hadde mange samanfallande synspunkt. Båe var for parlamentarismen og ville verne den private eigedomsretten. Det fanst også ulikskapar mellom partiprogramma, til dømes andsynes målsaka, der Frisinna Venstre stilte krinsane sine fritt, medan Høgre støtta riksmålet.

Stortingsvalet medførte ein reduksjon av Venstre si stortingsgruppe frå 53 til 46 mann. Høgre fekk 41 mandat, Frisinna Venstre 21, Arbeiderdemokratene to og DnA 11. Høgre og Frisinna Venstre hadde vunne eit snautt fleirtal med 64 av 123 mandat. Det var uvisst om stortingsfleirtalet skulle medføre at det eine partiet danna regjering med støtte frå det andre, eller om ein skulle skipe ei samarbeidsregjering. Konow sjølv tykte at partia skulle unngå å danne ein koalisjon og at Høgre som største parti heller skulle danne regjering med parlamentarisk støtte frå Dei Frisinna. Dette var også hovudsynet til dei andre leiarane i Frisinna Venstre, mellom anna fordi ein ottast at Høgre ville komme til å dominere for sterkt i ei eventuell koalisjonsregjering og føre til ei svekking av Frisinna Venstre. I Høgre såg ein derimot annleis på det, og frykta at ein med Dei Frisinna som støtteparti måtte legge politikken sin lenger mot venstre for at heile den Frisinna stortingsgruppa skulle kunne godta han. Utanom dette var heller ikkje tilliten til stades slik at ein kunne skipe eit samarbeid som ikkje tok form av ei koalisjonsregjering, fordi ein ikkje kjende seg trygg på støtte frå Frisinna Venstre frå sak til sak.

Den fyrste oppgåva som melde seg ved regjeringsskipinga var kven som skulle vere regjeringssjef. Det var ulike omsyn som talte for at båe partia kunne få statsministeren, men hovudønsket innan dei to partia var å finne ein «Personlighet, som av seg selv utpeker sig til nu at ta Ledelsen».[10] Jens Michelsen hadde ein status som gjorde at han stod øvst på lista i båe leirar, men sidan han orsaka seg med dårleg helse, stod høgremennene Jens Bratlie og Fredrik Stang d.y. og Konow fram som sannsynlege kandidatar. Dei Frisinna trong ein førar med appell, og Konow hadde både politisk røynsle og oratoriske eigenskapar. Sentralt for at han til slutt vart statsminister er den støtta han fekk frå Michelsen, som meinte ein frisinna statsminister ville meistre den parlamentariske situasjonen betre enn ein høgremann. Mange venstreorienterte hjå Frisinna Venstre kunne dessutan ikkje godta Bratlie sitt kandidatur, fordi dei tykte han låg for langt til høgre, medan Konow hadde eit godt rykte i båe parti. Høgre sleit dessutan med å slutte seg unisont til ein av sine to kandidatar, og vart kløyvd mellom ein liberal Stang-fløy og ein konservativ Bratlie-fløy.

Det vart avtalt at kvart parti skulle få fire representantar i regjeringa, men denne balansen var skipla når det vart kjend at Konow stilte krav om å utvide regjeringa frå 8 til 9 mann. Han ville ikkje ha noko ansvar for eit av fagdepartementa som statsminister, slik sedvanen hadde vore tidlegare. Han var i det heile ikkje oppteken av å oppretthalde partibalansen, men la heller vekt på å få ei regjering med dyktige fagfolk. Dette viste seg til dømes når han tilbaud venstremannen Carl Geelmuyden om å ta plass i regjeringa. Høgre vart sterkt kritiske når dei oppdaga at Konow valde ut høgremenn med svake band til partiet. Betre vart det ikkje av at styrkeforholdet i regjeringa enda med 4 høgremenn og 5 frisinna. Regjeringsskipinga fekk ei dårleg mottaking hjå dei konservative, spesielt i byane. Morgenbladet sa til dømes at dei sakna ein «Ordfører for Høires Politik».[11] C.J. Hambro skreiv at det innan Høgre i Kristiania rådde «en overordentlig sterk misnøie med regjeringen».[12]

Politisk strid[endre | endre wikiteksten]

Konow si regjeringsfråsegn var svært generelt utforma, og han valde å ikkje nemne omstridde saker som til dømes målsaka og alkoholpolitikken med eit einaste ord. Konow ønskte med dette å avpolitisere desse stridsspørsmåla, men allereie på dette tidspunktet var det usemje om kva stilling ein skulle ta til mellom anna målspørsmålet. Når spørsmålet om den niande statsrådsposten var teke opp i Stortinget, måtte Konow til slutt stille kabinettspørsmålet for å vere sikker på at kravet hans vann fram. 1910 var i høve til det komande året politisk roleg, jamvel om regjeringa opplevde å verte svekka etter at Sofus Arctander trekte seg frå stillinga som handelsminister fordi Stortinget vedtok almenn røysterett for kvinner ved kommuneval.

Utetter i 1911 hamna regjeringa i langvarige feidar om vasskraftutbygginga. Det viste seg at opposisjonen i båe partia ikkje var så stor, og at fleirtalet ikkje hadde noko hast med å endre reguleringslovene, slik spesielt industrieigarar i Høgre ivra for. Likevel arbeidde ein for å få i stand eit lovverk som samsvara med den private eigedomsretten. Justisminister Herman Scheel kom med eit utkast som svekka staten si stilling. Ei tverrpolitisk spesialnemnd vart så nedsett for å forbetre utkastet. Nemnda la nokre månader seinare fram eit lovforslag som hamna på det standpunktet som Venstre forfekta. Reguleringslova vart utetter våren og sommaren vedteke i både Lagtinget og Odelstinget, og Konow og Scheel møtte sterk kritikk frå Høgre, jamvel av dei som i utgangspunktet ikkje ville endre reguleringslovene med det fyrste, fordi ein meinte at Konow hadde lete seg presse av venstresida i Frisinna Venstre. Høgre aksepterte til slutt nederlaget, men forholdet mellom koalisjonspartia vart permanent skadelidande.

Fra min første ungdom har jeg følt mig varmt og sterkt og inderlig knyttet til landsmaalsbevægelsen. Jeg har været og er og vil alltid vedbli at være taksam i min inderste sjæl, fordi jeg engang blev knyttet til denne sak; ingen opportunistiske politiske hensyn skal formaa mig til at fornegte den opfatning, at maalsaken har været den sak, som sterkest har baaret det norske folk frem i det sidste halve hundredaar. Det fanatiske had mot denne bevægelse vil nok bli lagt ned om ikke saa mange aar som magtesløst og ørkesløst.

Frå tale av Wollert Konow i Stortinget den 10. februar 1912. Ni dagar etter at Konow hadde halde denne talen, gjekk han av som statsminister.
Communauté silhouette modif.jpg

På nyåret 1912 takka Konow ja til ein festinvitasjon frå Bondeungdomslaget i Kristiania. På festen vart Konow hylla av Marius Hægstad, og når Konow heldt ein tale for å kvittere sa han mellom anna at «ingen opportunistiske politiske hensyn skal formaa mig til at fornegte den opfatning at maalsaken har været den sak, som sterkest har baaret det norske folk frem i det siste halve hundreaar». Denne utsegna provoserte ikkje berre Høgre, men også delar av Frisinna Venstre. Hovudorganet til Frisinna Venstre, Tidens Tegn kritiserte Konow for å ha brote den nøytralitetslina som regjeringa hadde følgt i målspørsmålet, og meinte at «hans evne som politisk leder har faat et knæk, som ikke kan repareres». Få dagar seinare kravde avisa Konow sin avgang.[13] Høgre såg no sitt snitt til å kvitte seg med Konow, som spesielt etter striden kring konsesjonslovene hadde vorte upopulær. Konow hadde likevel enno støtte frå fleirtalet i Frisinna Venstre si stortingsgruppe, men Høgre kom fram til at han hadde undergrave stillinga som regjeringssjef. Konow nekta likevel å gå frivillig. Han sjølv meinte at talen han heldt var som privatmann, ikkje statsminister, og at framferda frå Høgre var «et indgrep, en indskrænkning i ytringsfriheten, i retten til at hævde sit personlige liv, som ikke statens tjenestemænd maa være unddrat mere end de øvrige borgere».[14] 9. februar vart avskilssøknadane frå 5 statsrådar levert inn, og av dei alle Høgre sine statsrådar. Konow prøvde i ettertid i det lengste å rekonstruere regjeringa. Mellom anna vart diplomaten Fritz Wedel Jarlsberg tilboden stillinga som utanriksminister, men avslo etter å ha rådspurd stortingspolitikarar, som meinte at ei regjering ikkje ville vore levedyktig. Til slutt kunne ikkje Konow gjere noko anna enn å trekkje seg som statsminister.

Etter at han trekte seg som statsminister vende Konow attende til Stortinget, og vart vald til stortingspresident etter Jens Bratlie, som no var statsminister. Denne stillinga hadde han fram til enden på stortingssesjonen i august 1912, då han trekte seg ut av politikken.

Utanfor politikken[endre | endre wikiteksten]

Etter at Konow trådde ut av politikken mottok han fleire helsingar frå folk som ønskte han attende til den politiske arenaen. Han fekk endåtil tilbod frå Frisinna Venstre om å stille til val i Midhordaland krins, men avslo tilbodet, fordi han tykte han var for gammal. Sjølv om han var ute av politikken tok han stundom del i offentlege ordskifte. I 1915 heldt han ein tale i Det norske studentersamfund om «vor stilling som nøitrale». Jamvel om han ønskte å verne om norsk nøytralitet under første verdskrigen, uttrykte han sympati for Storbritannia, ein sympati han meinte også fanst i befolkninga.[15] Med åra vart likevel den politiske aktiviteten mindre. Til gjengjeld han vart mellom anna styrar for Bergens-avdelinga av Noregs Bank, kvar han arbeidde i fleire år før han vart sjuk i slutten av 1923. Han gav også ofte kunstnarar økonomisk støtte, mellom dei Gustav Vigeland. Wollert Konow døydde i mars 1924 av strupekreft.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Mjeldheim, Leiv: Ministeriet Konow 1910–12. Ein studie i parlamentarisme og partipolitikk. Oslo: Samlaget, 1955.
  • Garvik, Olav: Wollert Konow. Statsminister og stril. Bergen: Fagbokforlaget, 2001. ISBN 82-7674-766-3

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. «Wollert Konow» i Salmonsens konversationsleksikon. (Andre utgåve) XIV: Kirkeskov—Kvadratrix. (1923). København: J. H. Schultz Forlagsboghandel.
  2. Garvik (2001), s. 56-57.
  3. 3,0 3,1 «Wollert Konow» av Leiv Mjeldheim i Norsk Biografisk Leksikon.
  4. Garvik (2001), s. 70.
  5. Garvik (2001), s. 81.
  6. Garvik (2001), s. 114.
  7. Garvik (2001), s. 141.
  8. Garvik (2001), s. 173.
  9. Garvik (2001), s. 200.
  10. Mjeldheim (1955), s. 17.
  11. Mjeldheim (1955), s. 51.
  12. Garvik (2001), s. 233.
  13. Mjeldheim (1955), s. 91.
  14. Garvik (2001), s. 257.
  15. Andenæs, Ulf (14.02.05). I skyggen av det store blodbadet. Aftenposten. «Hvor jeg i denne tid har hat anledning til at træffe folk av forskjellige samfundslag, paa gate og paa vei, paa jernbane og paa dampskibsdæk, har det overveiende indtryk været det samme. Naar jeg høsten utover har vekslet ord med soldaterne, som har gaat fra vaktposten, saa har der ikke været tvil i deres sjel. Naar jeg har gaat forbi smaagutten, som har sittet paa stabbestenen og læst sit blad, og jeg har spurt: Hvem mener dere skal vinde? Saa har det gnistret et blikk fra de blanke øinene: Engelskmændene naturligvis!»

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikifrasar Wikifrasar har ei sitatsamling som gjeld: Wollert Konow