Gunder Anton Jahren

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Gunder Anton Jahren

Gunder Anton Johannessen Jahren (8. august 185820. mai 1933) var ein norsk gardbrukar frå Rakkestad som var stortingsmann og -president i tillegg til statsråd for Høgre.

Jahren var son av ein gardbrukar i Rakkestad. Han gjekk amtsskulen 1875-78, var deretter elev hos landbrukslæraren Arne Grimstad i Berg og 1883/84 på Schives handelsskole i Kristiania. Samstundes var han interessent i sagbruk med høvleri og var åra 1884-86 kasserar og bokhaldar ved Sjåstad trevarefabrikk. Seinare var han bokhaldar ved Kristiania trevarefabrikk.

Jahren kjøpte i 1888 garden Brekke i Tomter og var gardbrukar frå 1889 til 1918. Statsrevisor 1910-11, samt direktør i Hypotekbanken frå 1912 til sin død i 1933.

Perioden 1891-1910 var Jahren medlem av heradsstyret i Hobøl, ordførar 1893-98. Han var elles medlem av amtsskulestyret, ei tid som formann. Formann 1904-22 i tilsynskommisjonen for Smaalensbanen og fyrste formann i Øvre Smaalenenes telefonselskap.

Mellom 1895 og 1930 var Jahren stortingsmann for Smaalenenes amt/Østfold og Rygge krins i til saman elleve valperiodar. Han var medlem av gasje- og pensjonskomiteen 1895-1900, vegkomiteen 1903-09, arbeidsløysekomiteen 1906, valkomiteen frå 1906, fullmaktskomiteen frå 1909, samt formann 1910-12 og medlem 1913-18 i landbrukskomiteen. Formann i landbrukskomiteen 1919-30.

Jahren var 1920-21 landbruksminister i Otto Bahr Halvorsens fyrste regjering. Han var president i Stortinget 1925-27, og lagtingspresident 1909-20 og 1922-30.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]