Jens Hundseid

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Jens Hundseid

Jens Hundseid (6. mai 188313. desember 1965) var ein politikar frå Vikedal i Rogaland. Han var statsminister i Noreg frå 14. mars 1932 til 3. mars 1933.

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Hundseid var stortingrepresentant for Telemark fylke og Bondepartiet frå 1925 til 1936. Dertter representerte han same partiet i Buskerud frå 1937 til Stortinget vart samla att i 1945.

Hundseid vart statsminister i den første Bondepartiregjeringa etter at forgjengaren Peder Kolstad døydde i 1932. Hundseid sat på Stortinget frå 1925-1940, og var parlamentarisk leiar i Bondepartiet frå 1931-1933 og 1934-1940.

Frå fleire hald vert maktovertakinga 16. april 1932 rekna som eit statskupp, då partileiinga i Bondepartiet i utgangspunktet ynskte at Einar Gram Borch skulle ta over statsministerposten. Men Hundseid gjekk til kong Haakon VII og gav uttrykk for at partiet hadde utpeikt han til ny leiar av Bondepartiregjeringa før Borch hadde komme til Oslo. Seinare kunne Hundseid erklære at han var beden av kongen om å stifte ny regjering for Bondepartiet.

Før krigen og i regjering markerte Hundseid seg som motstandar av Vidkun Quisling sine haldningar, men i 1940 vart Hundseid likevel medlem i Nasjonal Samling, støtta okkupasjonsmakta og fekk lang fengselsstraff etter krigen. Det vert spekulert i at dette var eit pragmatisk val frå Hundseid si side, medan andre meiner han frykta represaliar frå Quisling.