Ole Anton Qvam

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Ole Anton Qvam
none  Ole Anton Qvam
Ole Anton Qvam
Fødd 5. august 1834
Molde
Død 8. juli 1904 (69 år)
Egge
Nasjonalitet Norsk
Parti Venstre
Yrke Høgsterettsadvokat
1. verv Noregs statsminister i Stockholm
 - periode 19021903
 - føregjengar Otto Albert Blehr
 - etterfylgjar Sigurd Ibsen
2. verv Venstres formann
 - periode 18941896
 - føregjengar Viggo Ullmann
 - etterfylgjar Viggo Ullmann
3. verv Venstres formann
 - periode 18841889
 - føregjengar Johan Sverdrup
 - etterfylgjar Johannes Steen
Ektefelle Fredrikke Marie Qvam
Wikimedia Commons: Ole Anton Qvam

Ole Anton Qvam (5. august 18348. juli 1904) var ein norsk jurist og politikar. Han var ein av Venstres leiande politikarar i perioden frå kring 1870 til unionsoppløysinga i 1905, og sat på Stortinget 1874-88 og 1895-1900, størstedelen av tida vald frå Nordre Trondhjems amt. Qvam var partiformann to gongar, justisminister tre gongar, samt Noregs statsminister i Stockholm, og indreminister, revisjonsminister og landbruksminister. Han høyrde til den radikale fløya i Venstre, og gjorde kanskje sin største innsats i forarbeidet til ei ny straffeprosesslov og innføringa av juryordninga av 1887.[1]

Qvam vart aldri den leiande i partiet Venstre. Både Johan Sverdrup, så Johannes Steen og til sist Otto Albert Blehr hadde større oppslutning mellom stortingsmennene. Grunnen til dette låg nok i hans radikalisme og kompromisslause framferd.[1] Han hadde likevel sterkt gjennomslag på den politikken som Venstre-regjeringane førte.

Yngre år[endre | endre wikiteksten]

Ole Anton Qvam vart fødd i Bolsøy, i dag Molde, i Romsdal. Han var son til gardbrukar Ole Larsson Mek. Han voks opp på garden Mek i Bolsøy, bruket vart kalla Kvam. Han gjekk på borgarskule i Molde, i lag med mellom andre Bjørnstjerne Bjørnson, og tok examen artium i 1853. Qvam arbeidde deretter som lærar i Christiania, Arendal og Setesdal nokre år, huslærar 1857-59 hos David Gram i Stod i Nord-Trøndelag. Deretter studerte han rettsvitskap ved universitetet i Christiania og vart cand.jur. i 1862.

Qvam gifta seg med dottera til Gram, Fredrikke Marie Gram, som hadde vore eleven hans. Dei kjøpte storgarden Gjævran på Egge i Nord-Trøndelag. 1863-64 var han fullmektig hos sorenskrivaren i Stjørdal og Verdal. Qvam opna så sakførarforretning i Steinkjer. Han fekk løyve som overrettssakførar og høgsterettsadvokat i høvesvis 1863 og 1867.

Ordførar og stortingsmann[endre | endre wikiteksten]

Qvam var medlem av Stod heradsstyre frå 1867, ordførar 1868-69. Derpå ordførar 1869-85 i Egge 1869–85. Han gjorde opptaket til grunnlegginga av Sparbu og Egge sparebank i 1872, der han var styreformann 1873-86. Også formann i Stenkjær Dampskibsselskab.

Qvam vart vald inn på Stortinget for Nordre Trondhjems amt 1874-85, og for Søndre Trondhjems amt 1885-88. Han var formann i protokollkomitéen 1877–79, og justiskomitéen 1880-88. President i Lagtinget 1882-85, og president i Odelstinget 1886-88. Han samla nordtrønderbenken som vart ei kjerne i den radikale fløya av opposisjonen, og Nordre Trondhjems amt fekk tilnamnet «det røde amt».[1] Qvam gjekk tidleg inn for målsaka, og foreslo i 1874 at norrønt og landsmål skulle innførast ved lærarseminara. Påvirka av kona vart Qvam ein tidleg talsmann for allmenn røysterett, også for kvinner, samt at kvinnene skulle vere fullmyndige som gifte og særeige skulle vere utgangspunkt mellom ektefellar. Tilhøvet mellom Qvam og Johan Sverdrup vart med tida spent, særleg då Qvam fram mot 1884 var kompromisslaus i kampen for parlamentarisme. Qvam sette seg dessutan mot kongens «bevilgningsveto» under forfatningsstriden.

Partipolitikar[endre | endre wikiteksten]

Qvam gjekk inn for ein sterk partiorganisasjon med eit fast program og medlemsdisiplin då Norges Venstreforening, eller berre Venstre, i 1884 vart danna som Noregs fyrste politiske parti. Året i førevegen hadde han vore med å stifte Nord-Trøndelag Venstre. Johan Sverdrup ville det annleis, og det enda med at Sverdrup vart formann i partiet, Qvam fyrste viseformann. Qvam vart likevel leiar i partiet då Sverdrup vart statsminister seinare same året. Formannsvervet hadde han fram til 1889, kom seinare tilbake som formann 1894-96. Då partiet vart kløyvt i 1880-åra gjekk Qvam saman med Jacob Lindboe inn for å radikalisere Venstre sin unionspolitikk gjennom det som vart kalla Hamarresolusjonen.

Den radikale innstillinga hans skal ha vore grunnen til at Qvam i to stortingsperiodar vart verande utanfor politikken.[1] På nytt på Stortinget for Søndre Trondhjems amt 1894-97, og Nordre Trondhjems amt 1897-1900. Høgrefolk skal ha meint han kunne vere «brutal» i debattar.

Statsråd[endre | endre wikiteksten]

Qvam var justisminister i Johannes Steens fyrste regjering frå 6. mars 1891 til 1. mai 1893, og seinare også justisminister i Johannes Steens andre regjering frå 17. februar 1898 til 31. mars 1899. Han var deretter indreminister frå 1. april 1899 til 28. februar 1900, og tok over som revisjonsminister frå 1. februar. Frå 31. mars var han landbruksminister. Gjekk av som revisjonsminister 31. oktober 1900, og som landbruksminister 5. november. Justisminister for tredje gong frå 6. november 1900 til 20. april 1902. Qvam nådde toppen av si politiske karriere den 21. april 1902, då han vart statsminister i Stockholm i Otto Albert Blehrs første regjering. Grunna sjukdom gjekk Qvam ut av regjeringa den 21. oktober 1903. Han døydde heime på Egge den 8. juli 1904.

I tida mellom dei to Steen-regjeringane, 1894-98, var Qvam amtmann i Nord-Trøndelag.

Utmerkingar[endre | endre wikiteksten]

Riddar av 1. klasse av St. Olavs Orden frå 1891, kommandør av 1. klasse frå 1899, og storkors frå 1901. Over grava hans på Egge vart det i 1919 reist ein bautastein. Qvam er modell for ein figur på døra til Tinghuset i Trondheim.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Lindstøl, Tallak:Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Jon Segtnan: Stortingsmann Ole Anton Qvam i 1870-åra : Nasjonal/kulturell og konstitusjonell politikk 1874–1880. Hovudoppgåve. Universitetet i Bergen, 1974.
  • Jon Segtnan: «Ole Anton Qvam». I: Årbok for 1995. Nord-Trøndelag Historielag, 1995.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]