Brit Pettersen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Brit Pettersen


Statsborgarskap Noreg
Fødd 24. november 1961 (62 år)
Lillehammer kommune
Idrett langrenn, friidrett
Tok del i

Vinter-OL 1984, Vinter-OL 1980, Ski-VM 1982, Ski-VM 1985, Ski-VM 1987

Utmerkingar

Holmenkollmedaljen, Porsgrunds Porselænsfabriks Ærespris

Brit Pettersen Tofte (fødd 29. november 1961) er ein tidlegare norsk langrennar frå Lillehammer. Ho vart nummer to i verdscupen i langrenn både i 1982- og i 1983-sesongen, og nummer tre i 1985- og i 1986-sesongane. Til saman vann ho ti renn i verdscupen og kom på pallen 23 gongar. I løpet av si internasjonale skikarriere vann ho seks VM- og OL-medaljar. Ho tok ni gullmedaljar og fekk tre kongepokalar frå ulike NM på ski. Pettersen, som representerte Søre Ål IL, er gift med Hans Erik Tofte.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Pettersen kom med i OL-troppen i 1980 og fekk gå opningsetappen på Noregs stafettlag som tok bronse etter DDR og Sovjetunionen. To år seinare fekk ho æra av å gå Noreg inn til VM-gull i 4x5 km stafett på heimebane i Holmenkollen, dei andre på laget var Anette Bøe, Inger Helene Nybråten og Berit Aunli. I same verdsmeisterskapen vart Pettersen nummer tre på 5 km og kom på fjerdeplassen på 10 km.

Saman med Nybråten og Aunli tok Pettersen ein ny stafettsiger under vinter-OL 1984, då saman med Anne Jahren. Pettersen gjekk sterke løp i alle OL-tevlingane i Sarajevo; ho tok bronsemedaljen på 10 km og vart nummer seks både på 5 km og 20 km. I VM 1985 i Seefeld vart ho nummer sju og sist av dei fem norske deltakarane på 5 km, dermed fekk ho ikkje plass på stafettlaget. Derimot gjekk ho inn til sølv på 20 km, ei tevling der dei fire norske utøvarane toppa resultatlista, med Grete Ingeborg Nykkelmo aller øvst.

Pettersen deltok på 5 km og 10 km i ski-VM 1987 i Oberstdorf. Ho sikra seg ein bronsemedalje på 10 km, og vart nummer seks på 5 km. Under vinter-OL 1988 i Calgary gjekk ho dei same to distansane, men måtte nøye seg med 11. og 14. plass. Ved sesongslutt i 1988 la ho opp som langrennsløpar.

Medaljar og besteplasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

Medaljar og besteplasseringar i noregsmeisterskap[endre | endre wikiteksten]

Ymse[endre | endre wikiteksten]

I 1983 mottok Pettersen Porsgrunds Porselænsfabriks Ærespris og i 1986 vart ho tildelt Holmenkollmedaljen.

Ymse[endre | endre wikiteksten]

Pettersen har arbeidd i forsikringsbransjen og seinare utstyrsfirmaet Swix. Ein periode var ho styremedlem i Norges Skiforbund.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Sportsboken, aktuelle årgangar

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]