Brom

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
35 SelenBromKrypton
Klor

Br

Jod
Brom i periodesystemet
Generelle eigenskapar
Namn, kjemisk symbol,
atomnummer
Brom, Br, 35
Kjemisk serie Halogen
Gruppe, periode, blokk 17, 4, p
Tettleik, hardleik 3119 kg/m3, n.a. (ikkje SI)
Utsjånad Raudbrunt, flytande
Brom
Atomeigenskapar
Atommasse 79,904 u (ikkje SI)
Atomradius (berekna) 115 (94) pm
Kovalent radius 114 pm
Ioneradius 182 pm (ladning: −1)
van der Waals radius 185 pm
Elektronkonfigurasjon [Ar]3d^{10} 4s^2 4p^5
Elektron per energinivå 2, 8, 18, 7
Oksidasjonstrinn (oksid) −1, +1, +3, +5 (sterk syre)
Krystallstruktur Ortorombisk
Fysiske eigenskapar
Tilstandsform Væske
Smeltepunkt 265,8 K (−7,4°C)
Kokepunkt 332 K (59°C)
Molart volum 19,78 cm3/mol
Fordampingsvarme 15,438 kJ/mol
Smeltevarme 5,286 kJ/mol
Damptrykk 5800 Pa ved 280 K
Ljodfart 206 m/s ved 20 °C
Diverse eigenskapar
Elektronegativitet 2,96 (Paulings skala)
Spesifikk varmekapasitet 480 J/(kg·K)
Elektrisk konduktivitet 1,3·10−16 MS/m
Termisk konduktivitet 0,122 W/(m·K)
Ioniseringspotensial  1 140 kJ/mol
 2 103 kJ/mol
 3 470 kJ/mol
 4 560 kJ/mol
 5 760 kJ/mol
 8 550 kJ/mol
 9 940 kJ/mol
18 600 kJ/mol
Mest stabile isotopar
Iso-
top
Naturleg
førekomst
Halverings-
tid
 (ikkje SI)
NM NE MeV
(ikkje SI)
NP
79Br 50,69% (stabilt)
81Br 49,31% (stabilt)
SI-einingar og STP er brukt unntatt der det er avmerka

Brom er eit ikkje-metallisk grunnstoff med kjemisk symbol Br og atomnummer 35. Det er eit halogen og ligg i gruppe 17 i periodesystemet.

Eigenskapar[endre | endre wikiteksten]

Brom er ei raudbrun, sterkt luktande væske. Det er det eine av to grunnstoff som er flytande ved romtemperatur. (Det andre er kvikksølv).

Bromdamp er giftig å pusta inn. Flytande brom er svært etsande på hud, og bromsår vil nærmast ikkje gro utan hudtransplantasjon.

Førekomst[endre | endre wikiteksten]

Grunnstoffet brom føreligg ikkje fritt i naturen, men kan framstillast frå uorganiske bromsalt som finst i visse mineral og i sjøvatn (ca. 0,01% i havet, ca. 0,5% i Daudehavet).

Sambindingar og bruk[endre | endre wikiteksten]

Brom blir brukt i produksjon av mange ulike bromsambindingar, t.d. fargestoff og medisinar.

Brom dannar fleire uorganiske syrer i sambinding med hydrogen og oksygen. Desse syrene er bromsyre (HBrO3), bromsyrling (HBrO2), underbromsyrling (HBrO), og hydrogrenbromid (HBr). Salta av desse syrene kallast bromat, bromitt, hypobromitt og bromid. Eit døme på naturlege bromsalt er natriumbromid (NaBr). Kunstige bromsalt, t.d. sølvbromid (AgBr), blir brukt i framkalling av fotografi.

Av kunstig framstilte organiske bromsambindingar kan nemnast 1,2-dibrometan (BrH2C-CH2Br), som tidlegare vart brukt for å justera oktantalet i blybensin, og halonar som halon 1301 (bromtrifluormetan, CF3Br) og halon 1211 (bromklordifluormetan, CF2BrCl), som blir brukte til brannslukking.

Biologisk rolle[endre | endre wikiteksten]

Sjå også[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]