Brushane
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
| Brushane |
||
| Systematikk | ||
| Klasse: | Aves | |
| Orden: | Charadriiformes | |
| Familie: | Scolopacidae | |
| Slekt: | Philomachus | |
| Vitskapleg namn | ||
| Philomachus pugnax | ||
Brushane (Philomachus pugnax) er ein vadefugl i snipefamilien. Lengda er 20–32 cm, vingespennet er 46–58 cm. Han er større enn ein raudstilk; høna er mindre. Vårhannen er fleirfarga, med issetoppar og overdådig, brushanefjørkrage; om vinteren har han lyst, dust streka hovud. Hoa er gråbrun med grove mørke flekkar; haustjuvenilen er markert skjelmønstra i gulbrunt oppå, og okergul under med olivengule bein. Dei har eit tynt kvitt vingeband og ein oval kvit flekk på kvar sida av overgumpen. Brushanen er som regel taus.
[endre] Utbreiding
Brushanen hekkar lokalt i Nord- og Nordvest-Europa som trekkjer regelmessig over heile Europa.
Brushanen er ein trekkfugl. Dei første hannane reiser i slutten av juni medan hovudtrekket for hoer og ungfuglar er i august-september. Fuglane kjem tilbake til hekkeplassen i mai etter å ha overvintra i Afrika.
[endre] Årets fugl
Norsk ornitologisk foreining har i 2009 peika ut brushane som «årets fugl».
[endre] Bakgrunnsstoff