Campbelland

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Campbelland

Status i verda: EN Sterkt truga

Koparand, hannfugl Foto: Wikipedia-brukar Stomac
Koparand, hannfugl
Foto: Wikipedia-brukar Stomac

Systematikk
Klasse: Aves
Orden: Anseriformes
Familie: Anatidae
Slekt: Anas
Art: A. nesiotis
Vitskapleg namn
Anas nesiotis
Fleming,JH, 1935

Campbelland (Anas nesiotis) er ei lita, nattleg grasand av slekta Anas utan evne til å flyge. Ho er endemisk til Campbelløyane som ligg sør for hovudøyane på New Zealand. Cambelland, bronseand og koparand var tidlegare rekna som same arten. Fjørdrakta er lik drakta til bronseand, mørk sepia farge, hovudet og ryggen kan ha eit skjer av iriserande grønt, og eit kastanjefarga bryst på hannfuglen, og hoa er mørk brun over heile kroppen. Dei naturlege habitata er område med grastuer dominert av rapp, bregnar og fleirårige urter. Arten brukar òg tråkk og hòler lagd av petrellartar som hekkar på øyane. Dei er tilsynelatande territoriale i naturen, og beitar sannsynlegvis på amfipodar og insekt.

Tiltak for vern[endre | endre wikiteksten]

Opphavleg kjente ein til eksistensen av campbellender berre på Campbelløya, men innføringa av brunrotter som åtok egg og ungar, førte med seg at denne fuglearten forsvann frå øya og vart antatt å vere utdøydd. I 1975 vart arten gjenoppdaga på Dent Island, ei lita øy på 0,26 kvadratkilometer nær Campbelløya som framleis var rottefri. Populasjonen var så liten at ei einskild hending kunne ha drive arten til full utrydding. For å hindre at dette skjedde, tok Mt Bruce Wildlife Centre, Department of Conservation på New Zealand, i 1984 og i 1990 nokre ender i fangenskap. Arten vart òg sett på lista over kritisk truga artar i 1979.

I 1994 lukkast senteret i å få ei campbelland til å legge egg, etter det har hekking i fangenskap skjedd kvart år.

Ein liten bestand på 24 avla individ vart sette ut på Codfish Island ved Stewart Island/Rakiura i 1999 og 2000. På Campbelløya vart innførte dyreartar fjerna, verdas største rotteutryddingskampanje vart gjennomført i 2001, og øya vart offisielt erklært rottefrie i 2003. Femti campbellender, ei blanding av oppdretta ender frå senteret og ville akklimatisert ender frå Codfish Island, vart introdusert til Campbelløya i 2004, 2005 og 2006, totalt 159 ender, etter eit fråvere på meir enn eit hundreår. I 2011 var populasjonen trudd å vere totalt mellom 150 og 300 individ og aukande. Klassifiseringa hos IUCN vart endra frå kritisk trua (CR) til sterkt trua (EN).

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]