Chest Fever

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Chest Fever
Song av The Band
frå albumet Music from Big Pink
Utgjeve 1968
Innspelt 1968
Sjanger Rock
Lengd 5:19
Selskap Capitol
Låtskrivar(ar) Robbie Robertson
Produsent John Simon

«Chest Fever» er ein song av The Band frå debutalbumet Music from Big Pink frå 1968. Det er i følgje Peter Viney, ein historikar for gruppa, den songen frå Big Pink som finst på flest konsertalbum og samlealbum etter «The Weight».[1] Musikken er skriven av Robbie Robertson, og heile songen er vanlegvis tilskriven han, men i følgje Levon Helm, vart teksten opphavleg improvisert fram av Levon Helm og Richard Manuel. Teksten fortel soga om ein mann som vert sjuk då han vert avvist av kvinna han elskar.

Robertson har sidan sagt at teksten var meiningslaus, berre nytta medan instrumentalspora vart innspelte. «Eg er ikkje sikker på om eg kan teksten til 'Chest Fever'; Eg er ikkje ein gong sikker på om det finst ord i 'Chest Fever'.»

Woodstockfestivalen i 1969 spelte The Band den siste dagen, mellom Ten Years After og Blood, Sweat, and Tears. Dei opna med «Chest Fever».

Songen inneheld ein dramatisk orgelsolo i introen av Garth Hudson. Under konsertane utvikla dette seg til ein improvisert solo frå fleire musikkstilar som varte i fleire minuttar. Viney seier at «når Levon Helm har klaga på fordelinga av honorara frå denne perioden, så er det denne songen han nemner. Han meiner at medverknaden til Garth er kraftig undervurdert. Som han seier 'kva er det du hugsar frå 'Chest Fever' - teksten eller orgelet?'»

Songen er spelt fleire gonger av andre band, som Three Dog Night, Widespread Panic og Tishamingo.

Utvald diskografi[endre | endre wikiteksten]

The Band[endre | endre wikiteksten]

  • Music from Big Pink 1968
  • Rock of Ages 1972
  • Anthology 1978
  • Band Gift Set 1989
  • To Kingdom Come 1989
  • Collection [Castle] 1993
  • Across the Great Divide 1994
  • Most of the Band 1994
  • Greatest Hits 2000
  • Live at Loreley 2001
  • Rock of Ages [Deluxe Edition] 2001
  • Moon Struck One 2002
  • Very Best Album Ever 2002
  • Rock of Ages [Bonus CD] 2004
  • Music from Big Pink [Bonus Tracks] 2003
  • Musical History [CD/DVD Box Set] 2005

Rick Danko[endre | endre wikiteksten]

  • In Concert 1997
  • Live on Breeze Hill 1999

Richard Manuel[endre | endre wikiteksten]

  • Whispering Pines: Live at the Getaway [Japan] 2002
  • Whispering Pines: Live at the Gateway 1985 2005

Three Dog Night[endre | endre wikiteksten]

Three Dog Night 1969 Three Dog Night: Live 1988 Captured Live at the Forum/Harmony 2006/1969 Three Dog Night/Suitable for Framing 2004

Widespread Panic[endre | endre wikiteksten]

Endless Highway: The Music of The Band 2007

Tishamingo[endre | endre wikiteksten]

The Point 2007

Wino[endre | endre wikiteksten]

Punctuated Equilibrium 2009 (berre vinyl)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]