Cistussongar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Cistussongar

Status i verda: LC Livskraftig

Cistussongar, Cisticola juncidisFoto: J.M.Garg
Cistussongar, Cisticola juncidis
Foto: J.M.Garg

Systematikk
Rike: Animalia
Rekkje: Chordata
Klasse: Aves
Orden: Passeriformes
Familie: Cisticolidae
Slekt: Cisticola
Art: C. juncidis
Vitskapleg namn
Cisticola juncidis

Cistussongar, Cisticola juncidis, er ein songar i den biologiske slekta Cisticola. Saman med ca. 21 andre sørlege songfuglslekter har Cisticola familiestatus som grassongarar, Cisticolidae.

Han har eit stort utbreiingsområde, han hekkar i Sør-Europa, lever dessutan i Afrika utanfor ørkenar og regnskogar, og i sørlege Asia ned til nordlege Australia. Cistussongar er i hovudsak ein standfugl, men nokre austasiatiske populasjonar trekkjer sørover til varmare område om vinteren. Arten er ein sjeldan streiffugl til Nord-Europa, mest om våren. Det europeiske området er generelt i vekst, sjølv om nordlege bestandar er spesielt utsette for harde vintrar.

Cistussongar er svært små insektetande fuglar. Desse små sporvefuglane er funne i habitat av høgt gras, ofte nær vatn. Hannar er polygame, hoa byggjer reiret i djupt gras, ofte bunde til levande blad med mjukt vovne materialar av tørre plantar, spindelvev og gras. Reiret er koppforma og skult av samanbundne blad eller gras som er lagt over. Kullet er på 3-6 egg.

Denne songaren har brun overside, med kraftige mørke striper. Undersida er gråaktig, og halen er brei, kvit på tippen og i stadige rørsler, noko som gjev opphav til det alternative namnet for arten på engelsk språk 'Fan-tailed Warbler' eller viftestjertsongar på norsk etter viftestjertar. Dei vaksne hannane har mindre striper på hovudet og meir på ryggen enn hoene, men det er ingen stor skilnad mellom kjønna eller over det vide geografiske leveområdet.

Sjølv om cistussongar neppe forvekslast med andre songarar i Europa, der han er einaste Cisticola, er han mykje lik andre medlemmer av slekta. Dei er best skilt frå sine mange afrikanske slektningar med 'zit-zit-zit' songen sin, gjeven i flukt. Songen er alltid det enklaste identifikasjonskriteriet for denne slekta. Det er enklare å kjenne att læte frå desse fuglane enn å observere dei, og på grunn av den vesle storleiken, ca. 10 cm, ikkje alltid lett å kjenne igjen, spesielt utanfor hekkesesongen då dei sjeldan kjem ut av graset.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]