Clara Zetkin

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Clara Zetkin.
Clara Zetkin på ein ausstysk timarksetel.

Clara Zetkin (5. juli 185720. juni 1933) var ein tysk sosialist og framståande i tysk og internasjonal kvinnerørsle. Zetkin måtte gå i eksil på grunn av den politiske aktiviten sin, men var òg medlem av Riksdagen i tolv år.

Zetkin blei fødd i Wiederau i Sachsen og var utdanna som lærar. Ho fekk tidleg interesse for kampen til arbeidarane og kvinnene, og blei medlem i det tyske sosialdemokratiske partiet, SPD, i 1874. Ho oppheldt seg for det meste i eksil i den tida sosialdemokratiet i Tyskland var forbode, i åra 1878-1890, under «Sosialistlovene» til statsminister Otto von Bismarck.

Kvinnekamp og klassekamp[endre | endre wikiteksten]

På skipingskongressen til den Andre Internasjonalen i Paris i 1889 tala ho om kvinnefrigjering som ein del av klassekampen. Ho gjekk sterkt inn for at kvinner gjennom lønsarbeid måtte bli økonomisk sjølvstendige, og meinte full kvinnefrigjering berre kunne oppnåast i eit sosialistisk samfunn. Kvinnekamp og klassekamp måtte såleis vere to sider av same sak.

Zetkin var ei av dei fremste i arbeidet med å byggje opp den sterke sosialdemokratiske kvinnerørsla i Tyskland. Ho var redaktør i kvinnerørsla sitt blad, «Die Gleichheit» (Likskapen), frå 1891 til 1917. Etter forslag frå Zetkin vedtok ein internasjonal kvinnekonferanse i København i 1910 å gjere 8. mars til den internasjonale kvinnedagen. På denne dagen skulle kvinnene (og mannlege sympatisørar) demonstrere for stemmerett og andre likestillingskrav.

Folkevald[endre | endre wikiteksten]

Zetkin høyrde til venstresida innanfor tysk sosialdemokrati. Ho gjekk imot partileiinga da den støtta krigskredittar under første verdskrigen. Derfor gjekk ho også ut av SPD ilag med andre krigsmotstandarar, og inn i det Uavhengige Sosialdemokratiske Partiet i Tyskland (USPD), som blei danna av krigsmotstandarane i 1917. Innanfor USPD var Zetkin ilag med Rosa Luxemburg i Spartakusforbundet, og gjekk seint i 1918 med i Det tyske kommunistpartiet (Kommunistische Partei Deutschlands) da det blei skipa. Ho blei medlem i sentralkomiteen til KPD. Ho var innvald som representant i Riksdagen, det tyske parlamentet, for kommunistpartiet frå 1920 til 1933. Ho var au sentral i den internasjonale kommunistiske kvinnerørsla.

Zetkin oppheldt seg også i Sovjetunionen i periodar. Ho døydde der i 1933, 76 år gammal. For å heidre henne blei urna hennar sett inn i Kremlmuren i Moskva.